Oppdrettsanlegg: Hamneavgifta kan råke oppdrettsanlegg.
            (Foto: svein aam)

Oppdrettsanlegg: Hamneavgifta kan råke oppdrettsanlegg.Foto: svein aam

Åtvarar mot hamneavgift i Ørsta

Vartdalgruppa Fiskeoppdrett åtvarar mot anløpsavgift i Ørsta. Dei fryktar det vil gje ringare konkurransevilkår.

Ørsta kommune har ute til høyring eit forslag om at det vert innført ei såkalla anløpsavgift i Ørsta: Det vil seie ei avgift på båtar over femten meter som nyttar kommunale kaier og farleier i kommunen.

Vartdal Fiskeoppdrett presiserer at dei sjølve ikkje nyttar kommunale kaier, slik at eit kaivederlag ikkje vil vedkome verksemda.

Men avhengig av innretninga på avgifta, kan fleire av Vartdalgruppa sine selskap verte råka. Det gjeld anløp av forbåtar til matfiskanlegg og anløp til Vartdal fryseri si kai på Vartdal.

– Kostnaden vår med innføring av anløpsavgift kan vere at transportselskapa lett kan auka frakta/kostnaden av fiskefôr eller andre varer/tenester når dei sjølve vert pålagde denne avgifta ved anløp til forflåtar/kaier, heiter det frå Vartdalgruppa Fiskeoppdrett AS.

Dei ber primært om at avgifta ikkje vert innført, sekundært om at kommune held seg til minstesatsen på 140 kroner uansett tonnasje på båtane. Det er det same som det Herøy kommune har.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

- Sæbø kan ha ny skule i 2021

I 2021 trur prosjektutviklar Ivar-Otto Kristiansen at det står ein ny skule på Sæbø. Han trur det vil verte altfor dyrt å reparere på den eksisterande.

Fryktar kryssløysingar i Volda

– Frå Grodås og sørover er der ikkje eit einaste kryss der lokaltrafikken kjem inn på Europavegen. Det er ingen grunn til at vi ikkje skal ha det slik her også.

Alnæs jaktar gjestegitarist frå Ørsta

Frode Alnæs kjem til Ørsta 22. april, og ønskjer å invitere ein lokal gjestegitarist opp på scena.

Ørsta mot Volda den 18. mai

Med Ørsta sitt opprykk til fjerde divisjon, er det igjen klart for lokalfotballens store lokaloppgjer. Den 18. mai er det Ørsta mot Volda.

Voldas Harbid (Ap) vitja Stortinget

– Innvandrarar er like ulike som andre

Volda får ny ferjekai

Vegvesenet lyser ny Volda ferjekai ut på tilbod

Problem med vassforsyninga på Ose

Måndag vil vassforsyninga vere avstengt for abonnentar i delar av Osgeila, Andersholen, Eliholen og Hansholen på Ose.

Utgreiing om drifta for Ørstahellen

Frp: - Viktig å halde tunge beint i munnen

Det gjekk mot ei utsetjing av saka om drift av den nye Ørstahallen i kommunestyret. No skal ei nemnd setje seg ned og greie ut for driftsmodell for Ørsta si nye storstove.

Stor bildeserie:

"Beatles-tilstandar"

Ørsta og Volda Ballettskule samla tre fulle hus.

Hærverk på hytter

Det har vore hærverk på Nipehyttene