Bratt Når ein ser kor tett høgdekotene ligg langs med vegen, forstår ein kvifor det lett utviklar seg skredfare i denne delen av Norangsdalen.

Fylkesveg 655 er stengt på strekninga Tryggestad – Mobakken. Vegvesenet opplyser på sine nettsider at vegen er mellombels steng, og det på ubestemt tid.

Les også: Norangsdalen opna att

Hotel Union Øye tar situasjonen med knusande ro

Hotelldirektør Mariann Øye-Mork ved Union Øye fortel at tre dryge timar ekstra køyring ventar, for gjestar og personell som er på austsida av det skredutsette området og køyrer rundt.

– Er det nokon gjestar som like godt tar seg ei ekstra natt hjå dykk no når dei først er der?

– Det hadde vore noko, haha! Men det er nok heller som oftast motsett, at mange avbestiller det planlagde opphaldet.

Dette er ikkje nokon ny situasjon for Hotel Union Øye, direktøren tar det heile med rutinert ro.

– Dette skjer årvisst, og heldigvis pleier vegen alltid å opne att etter ein dag eller to, fortel ho.

Les også: Varslar flaum på Vestlandet

Spørsmålet er om ikkje det vidgjetne hotellet også kan dra nytte av snøen som får skientusiastane til å juble. Vel, ikkje i så stor grad i denne omgang, men på sikt er svaret eit optimistisk ja:

– Vi stenger 10. desember, og opnar att 15. mars, når topptursesongen byrjar for fullt, forklarar Øye-Mork.

Ho er bombesikker på at mesteparten av snødekket som no taktfast byggar seg opp i fjellet, blir liggande til langt utpå våren.

Frå faregrad 1 til 3

Torsdag viste varslingstenesta varsom.no faregrad 1 for Sunnmøre, som er det lågaste og tryggaste nivået. No er faregraden auka til 3.

For skikøyrarar er det viktig å ha i bakhovudet at dette inneber betydeleg skredfare. Skalaen går i heilt ekstreme tilfelle opp til 5, men dei fleste skredulykker skjer ved faregrad 2 og 3. Held ein seg til terreng som er slakare enn 30 grader, samt unna utløpsområde for potensielle skred, skal ein i teorien gå trygt. Dette er særleg viktig i høgda der snøen er tørr, blir transport av vind og dannar lag som igjen kan utarte til flakskred.