pensjon ørsta kommune
            (Foto: Ørsta kommune)

pensjon ørsta kommuneFoto: Ørsta kommune

Heidra årets pensjonistar

– Dette flotte knippe av menneske gjekk i løpet av 2017 av med pensjon. Dei fekk sin velfortente heider for si teneste i Ørsta kommune.

Det skriv Ørsta kommune på sine heimesider. Dei har halde markering for pensjonistane.

Markeringa starta med talar og musikkinnslag frå kulturskulen. Det var dekka til kaffi, kaker og høgtideleg feststemning. Frå kommunen var det overrekt ei kommunal avskilsgåve (vase). Dei som har minst 25.års tenestetid i kommunen fekk også tildelt KS sitt heidersmerke.

Ordførar Stein Aam takka pensjonistane for at dei har vore med på å bygge opp Ørsta kommune til det kommunen er i dag.

– Eg og resten av kommunestyret er audmjuke og har stor respekt for den jobben de har lagt ned. Eg takkar dykk for arbeidet.


Dei som var til stades og fekk utdelt vase står i lista under, dei namna som er utheva fekk i tillegg utdelt KS sitt heidersmerke:

* Sonja Nilsen, barnehage

* Torill Longva Brautaset,

barnehage

* Åse Bjørnerem Vatne,

eigedom

* Aud Marit Sandvik,

omsorg og rehab

* Brit Berstad,

omsorg og rehab

* Inger Elise Gretland,

omsorg og rehab

* Randi Vadstein Wettre,

personal

* Hildegunn Ose, skule

* Einar Ytre-Hauge, teknisk

* Leif Inge Winjevoll,

teknisk/uteseksj.

* Åge Osvoll,

tekniske tenester

* Karin Hjorthaug, barnehage

* Randi Breivik,

bu og habilitering

* Åshild Sætre, eigedom

* Roger Nedreklepp, landbruk

* Kari Årsnes, omsorg og rehab

* Olaug Aarseth,

omsorg og rehab

* Anne Langva, skule

* Astrid Ose Silseth, skule

* Ragnhild Kjeldseth-Moe,

skule

* Sissel Strand, skule

* Tormod Aklestad,

tekniske tenester

* Martha Aa Standal, skule

* Sigrunn Myklebust, økonomi

* Svanhild Slettedal,

omsorg og rehab

* Kjell Haugen, eigedom

* Mai-Lis Leknes,

omsorg og rehab.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

- Sæbø kan ha ny skule i 2021

I 2021 trur prosjektutviklar Ivar-Otto Kristiansen at det står ein ny skule på Sæbø. Han trur det vil verte altfor dyrt å reparere på den eksisterande.

Fryktar kryssløysingar i Volda

– Frå Grodås og sørover er der ikkje eit einaste kryss der lokaltrafikken kjem inn på Europavegen. Det er ingen grunn til at vi ikkje skal ha det slik her også.

Alnæs jaktar gjestegitarist frå Ørsta

Frode Alnæs kjem til Ørsta 22. april, og ønskjer å invitere ein lokal gjestegitarist opp på scena.

Ørsta mot Volda den 18. mai

Med Ørsta sitt opprykk til fjerde divisjon, er det igjen klart for lokalfotballens store lokaloppgjer. Den 18. mai er det Ørsta mot Volda.

Voldas Harbid (Ap) vitja Stortinget

– Innvandrarar er like ulike som andre

Volda får ny ferjekai

Vegvesenet lyser ny Volda ferjekai ut på tilbod

Problem med vassforsyninga på Ose

Måndag vil vassforsyninga vere avstengt for abonnentar i delar av Osgeila, Andersholen, Eliholen og Hansholen på Ose.

Utgreiing om drifta for Ørstahellen

Frp: - Viktig å halde tunge beint i munnen

Det gjekk mot ei utsetjing av saka om drift av den nye Ørstahallen i kommunestyret. No skal ei nemnd setje seg ned og greie ut for driftsmodell for Ørsta si nye storstove.

Stor bildeserie:

"Beatles-tilstandar"

Ørsta og Volda Ballettskule samla tre fulle hus.

Hærverk på hytter

Det har vore hærverk på Nipehyttene