Statens vegvesen styrer riksvegferjesambandet Festøya-Solavågen. Om ei anløpsavgift kjem på plass i Ørsta kommune vil det påføre Statens vegvesen kostnader.

Les også: Kan bli anløpsavgift i Ørsta

– Som kaieigar har Statens vegvesen sjølv vesentlege kostnader på Festøy ferjekai for drift og vedlikehald. Vi stiller spørsmål ved forholdet mellom kva kostnadar som fell på Ørsta kommune og den kostnaden som denne avgifta vil medføre for fartøya i kommunen sitt sjøområde. Det verkar som at dette forholdet ikkje er i balanse. Vi stiller også spørsmål ved om det er heimel for å krevje inn denne avgifta som beskrive i høyringa, skriv seksjonsleiar Victor Størdal i Statens vegvesen.

Vegvesenet er overraska over at dei ikkje har blitt kontakta direkte om høyringa, og ber om utsett høyringsfrist.

– Dersom innhaldet i høyringa blir vedteke, vil det medføre vesentlege kostnader som vi for augneblinken er svært betenkte med å akseptere.