Fylkesmannen i Møre og Romsdal varslar motsegn mot detaljreguleringsplanen for Voldatunnelen.

Motsegna gjeld omsynet til landbruket. I planføresegnene står det at mellombelse anleggsområde skal tilbakeførast til landbruksføremål etter at anleggsarbeida er ferdige.

Dette meiner fylkesmannen vert for vagt. Kravet er at det i føresegnene skal stå at der dei mellombelse areala gjeld dyrkajord, skal desse tilbakeførast til nettopp dyrkajord etter at anlegget er ferdig,

Fylkesmannen meiner også at det i planen klart må kome fram kor mykje av dyrkajord som totalt vert tapt med bygginga av ny E39 Volda – Furene.

Fylkesmannen har også motsegn knytt til støy. Han krev at det klart må gå fram av planen kva støytiltak på Volda-sida som er naudsynte for at eksisterande bygningar skal få tilstrekkeleg gode støyforhold, og kva bygningar dette gjeld.