Ifølgje politiet vart ei ung kvinne overfalt i eigen bustad natt til søndag. Politiet omtalar hendinga som " grov kroppskrenking".

– Vi vil ikkje gå i detaljar på kva som har skjedd, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle.

– Er det valdtekt?

– Nei, det er det ikkje.

Etterlysing

Det er sett i gang ei omfattande etterforsking, og i ettermiddag gjekk politiet ut med ei konkret etterlysing.

–Politiet ynskjer å kome i kontakt med personar som var i sentrum av Volda, Halkjelsgata, natt til søndag 3. desember i tidsromet frå klokka 02.45 til 3.10, står det i ei pressemelding frå Sunnmøre Poltidistrikt.

– Politiet er spesielt interessert i tips om ein person som hadde på seg mørk caps, mørk jakke og lys bukse, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle.

Halkjelsgata i Volda sentrum er eit område med småbutikkar, og med leilegheiter og studenthyblar over butikkane. Etter det Møre-Nytt kjenner til er det overvakingskamera i gata, og politiet skal ha bede om å få gå gjennom opptaka.

Hastar

- Det er viktig at dei som kan ha vitneobservasjonar eller tips til oss, kjem med desse så raskt som mogleg, seier Grete Hjelle.

Tips i saka kan ringjast inn til politiet på telefon 02800 / 70118700.

Kvinna er teken hand om, og politiet etterforskar saka breitt. Det vert opplyst at politiet har gjennomført taktisk etterforsking og kriminaltekniske undersøkingar søndag.