Nøgde: Prosjektleiar Frank Flusund, ordførar Stein Aam og byggjeleiar Martin Kroken Nesje frå HS-Bygg er nøgde med framdrifta for Ørstahallen,
            (Foto: Rune Sæbønes)

Nøgde: Prosjektleiar Frank Flusund, ordførar Stein Aam og byggjeleiar Martin Kroken Nesje frå HS-Bygg er nøgde med framdrifta for Ørstahallen,Foto: Rune Sæbønes

Ørstahallen er i rute

– Bygginga av Ørstahallen er i rute. Opningsdatoen er 7. desember 2018. Det skal vi greie å no, seier prosjektleiar Frank Flusund i Ørsta kommune.

Torsdag tok han og ordførar Stein Aam seg ei synfaring på byggjeplassen til den nye Ørstahallen. Dei synlege teikna på at eit stort bygg er i vente, er tydelege.

Store kraner er på plass, og det er graving fleire stader. Og dessutan er konturane av garderobeanlegget no synlege.

– Vi er i rute. Det vil seie tett bygning i løpet av våren 2018, og ferdigstilling til 7. desember 2018. Det er datoen som er sett for overtaking av bygningen, fortel Flusund.

Og for ordførar Stein Aam var det også godt å sjå at arbeidet er i rute. Som ordførar er han ansvarleg for at det brukt brutto kring 190 millionar kommunale kroner til prosjektet.

– Eg køyrer ned om hit kvar dag for å sjå. Dette prosjektet vil eg verkeleg følgje med på, fortel ordføraren.

Det er HS Bygg frå Stryn som er hovudentreprenør på bygningen. Dei har no seks personar i arbeid, og i tillegg er det leigd inn seks gravemaskinar med førarar.

– Talet på personar som er i arbeid med Ørstahallen vil raskt auke. Vi reknar med at på det meste vil meir enn femti personar vere i arbeid på anlegget, fortel byggjeleiar for Ørstahallen hos HS Bygg, Martin Kroken Nesje.

Noko av det arbeidet som er viktig no, er å flytte kloakkleidningar og vassleidningar.

– Kloakkleidninga går no midt under tomta, og må flyttast slik at ho går rundt hallen, fortel Flusund. Han håper på ein mild vinter, for då vil i alle fall ikkje vêret vere til hinder, seier Flusund.

Med frosten som har vore siste dagane, byrjar det å vere litt tele i bakken, men ikkje slik at det har skapt problem.

– Nei, maskinane har fått godt tak i grunnen. Men det er snø og frost som vil vere problematisk for oss. Ein mild vinter med regn vil vere heilt greitt, seier Kroken Nesje.

HS Bygg har også i tråd med entreprisen arbeidd med å dekkje av området for den nye utstillingsplassen på Mosflata.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Eg køyrer ned om hit kvar dag for å sjå. Dette prosjektet vil eg verkeleg følgje med på

byggjeplass: Dei store kranene er på, plass, og arbeidet med Ørstahallen er verkeleg i gang.
            (Foto: Rune Sæbønes)

byggjeplass: Dei store kranene er på, plass, og arbeidet med Ørstahallen er verkeleg i gang.Foto: Rune Sæbønes

Dette vert lest no:

- Sæbø kan ha ny skule i 2021

I 2021 trur prosjektutviklar Ivar-Otto Kristiansen at det står ein ny skule på Sæbø. Han trur det vil verte altfor dyrt å reparere på den eksisterande.

Fryktar kryssløysingar i Volda

– Frå Grodås og sørover er der ikkje eit einaste kryss der lokaltrafikken kjem inn på Europavegen. Det er ingen grunn til at vi ikkje skal ha det slik her også.

Alnæs jaktar gjestegitarist frå Ørsta

Frode Alnæs kjem til Ørsta 22. april, og ønskjer å invitere ein lokal gjestegitarist opp på scena.

Ørsta mot Volda den 18. mai

Med Ørsta sitt opprykk til fjerde divisjon, er det igjen klart for lokalfotballens store lokaloppgjer. Den 18. mai er det Ørsta mot Volda.

Voldas Harbid (Ap) vitja Stortinget

– Innvandrarar er like ulike som andre

Volda får ny ferjekai

Vegvesenet lyser ny Volda ferjekai ut på tilbod

Problem med vassforsyninga på Ose

Måndag vil vassforsyninga vere avstengt for abonnentar i delar av Osgeila, Andersholen, Eliholen og Hansholen på Ose.

Utgreiing om drifta for Ørstahellen

Frp: - Viktig å halde tunge beint i munnen

Det gjekk mot ei utsetjing av saka om drift av den nye Ørstahallen i kommunestyret. No skal ei nemnd setje seg ned og greie ut for driftsmodell for Ørsta si nye storstove.

Stor bildeserie:

"Beatles-tilstandar"

Ørsta og Volda Ballettskule samla tre fulle hus.

Hærverk på hytter

Det har vore hærverk på Nipehyttene