– Vi hadde aldri tort å satse på flytting om vi ikkje hadde tru på framtida. For oss er det ei formidabel investering, seier dagleg leiar Erling Ulvestad i Eik-senteret som saman med Knut-Inge Haugen og fem av dei tilsette eig verksemda i Ørsta.

Eiksenteret starta opp under namnet Eik Landbrukssenter og etablerte seg i Hovdebygda i 1987. I november i 1993 selde dei sin traktor nummer hundre. I dag har dei selt over 750 nye traktorar, og held på å førebu seg på ei ny flytting.

– Den førre flyttinga skjedde under OL på Lillehammer. Vi rekna med at skulle vere lite folk innom oss den veka, og det stemde, seier Per Ulvestad som saman med Odd Inge Johannessen starta han opp franchiseverksemda Eiksenteret i 1987.

Førebur flytting

Frå dagens lokale i Ørsta sentrum skal Eiksenteret flytte til Mosflata. I løpet av første halvdel av 2018 skal verksemda vere på plass i 2.000 kvadratmeter stor lokale i Grepa-bygningen.

– Vi treng meir plass til verkstaden og butikken. Ein av grunnane til at flyttar er at vi har vakse, og sidan vi tok over i 2014 har omsetninga omtrent dobla seg. Vi er trygge på at alt blir meir lettvint og kundevennleg når vi er på plass på Mosfalta og ser fram til dette, seier Ulvestad og Haugen.

I dag er det tretten tilsette ved Eiksenteret, i tillegg til ein lærling. Med stor aktivitet i verksemda jaktar dei på meir arbeidskraft, og skal ha på plass ein ny mekanikar. Det manglar ikkje på arbeid for dei tilsette, og nedslagsfeltet til Eiksenteret er stort.

– Stryn, Valldalen og Ørskogfjellet er ytterpunkta våre, i tillegg til aktivitet på Ytre. Området vårt er stort, kundemassen er stabil og aukande. Vi satsar på å yte best mogleg service for kundane våre, og har m.a. investert i to splitter nye servicebilar.

I fjor vart det selt 38 nye traktorar frå Eiksenteret i Ørsta, og det vart selt nesten like mange brukte. I år vil verksemda passere 35 selde nye traktorar.

– Vi er ein fullt oppegåande jubilant. I år har vi passert 750 selde nye traktorar sidan verksemda vart etablert i 1987. Aktiviteten er veldig stor, og vi har god tru på framtida.

TRaktor nummer 100: Asgeir Standal vart i 1993 gratulert av seljar Ove Myklebust med ny traktor. Dette vart traktorsal nummer hundre for Eik Landbrukssenter.
Oppstart: Eik Landbrukssenter vart opna i 1987. Her er dåverande servicesjef Per Ulvestad, regionsjef Malvin Hoemsnes, dagleg leiar Odd Inge Johansen og adm. dir. i Eik Maskin Olav Hørsdal.