Filippinske Angelie Telarma har fått påvist lungetuberkulose og er under behandling, samstundes som politiet har pressa på for å få henne ut av landet.

– Dersom politiet hadde fått det som dei ville, hadde dei plassert Angelie på eit fly med aktiv tuberkulose, altså smittsam tuberkulose. Det er heilt utruleg! Det er å spele russisk rulett med helsa hennar – og kanskje også andre.

Det seier Lars Oscar Fossen Øvstegård. Han har vore arbeidsgjevaren til Angelie Telarma dei siste åra på Strømpeneset.

Vart sjuk

I fem år har Angelie budd i Noreg. Først eitt år i Oslo, sidan fire år i Ørsta. Ho har jobba som au pair, og også vore student ved Høgskulen i Volda. Samstundes har ho jobba deltid ved Strømpeneset. Etter at opphaldsløyvet hennar gjekk ut i august, fekk ho avslag på vidare opphald, og ho fekk beskjed om å forlate landet innan 22. oktober. Angelie bestilte seg billettar, men så vart ho sjuk. Møre-Nytt skreiv om historia hennar i oktober. Då låg ho på isolat og venta på diagnose og rett behandling, samstundes som ho hadde utreisevedtaket hengande over seg. Allereie i midten av september trudde legane at det kunne vere snakk om tuberkulose. Informasjon vart gitt til politiet, men dei stod likevel fast på at Angelie skulle reise frå Noreg. Ho fekk utsett utreisa til 18. november, i påvente av diagnose.

– No er det stadfesta at det er tuberkulose ho har, og ho får besøk av heimesjukepleia kvar morgon for at dei skal sjå til at ho får i seg dei medisinane ho skal ha, fortel Øvstegård.

Angelie sjølv er i så dårleg form at ho ikkje kan stille til intervju. Ho er innforstått med at Øvstegård deler historia hennar.

Sjukehuset har laga ein plan for medisinering som strekkjer seg eit halvt år fram i tid. I ei erklæring skriv legen hennar at det vil vere uheldig å avbryte denne medisineringsplanen. Politiet har likevel stått fast på at ho skal ut av landet snarast råd, og har berre gitt korte utsettingsvedtak for utreise for den sjuke kvinna. Ny frist var 1. desember.

– Men i utlendingsforskrifta står det svart på kvitt at utlendingar som er under behandling for tuberkuløs sjukdom ikkje kan påleggast å forlate landet før behandlinga er fullført, fortel Øvstegård.

Sjokkert

Han seier han sjokkert over behandlinga Angelie har fått frå politiet.

– Dei trenerer tida. Angelie bestiller seg billettar til heimreise, for det er ho pålagt å gjere, og så får ho svar om utsetting berre ein dag før avreise, så billettpengane går tapt. Dette er dyrt og det er unødvendig, og eg har nesten ikkje ord for kva eg meiner om dette, seier han.

Øvstegård har fått god hjelp frå vener og andre som har engasjert seg i saka.

– Men det går på helsa laus for oss også. Å sette seg inn i dette systemet, og forstå kva knappar du skal trykke på, det er ei nær sagt umogleg og uoverkomeleg oppgåve. Frå politiet vert vi møtt med det vi opplever som arroganse og lite medkjensle overfor Angelie. Eg tør ikkje tenke på alle dei som sit der ute utan det nettverket ho har rundt seg.

Advokat Espen Rekkedal er engasjert i saka. Rekneskapsføraren til Øvstegård, Geir Høydalsvik er også med på laget. Dei har gjort fleire undersøkingar. Mellom anna har dei fått informasjon frå flyselskapa som seier at Angelie kan bli erstatningsansvarleg om ho går om bord i eit fly når ho har tuberkulose. Dei har også fått opplyst at det er mange av dei som reiser tilbake til Filippinane med tuberkulose, som ikkje får vidare behandling.

– Angelie har ikkje råd til denne behandlinga i heimlandet sitt. Ho har også åtte timar reisetid til næraste sjukehus. Vi kan berre ane konsekvensane dette kan få for henne.

Stemna staten

Etter gjentekne purrigar til politiet for å få utsett utreisedatoen nok ein gong, fekk dei til slutt nok. Politiet gav dei ingen svar. Måndag sende advokat Espen Rekkedal ei stemning til staten ved Justis- og beredskapsdepartementet.

– Då kom nemndsleiaren i Utlendingsnemnda på bana og skreiv eit hastevedtak der alle tidsfristar er oppheva. Det løyser saka førebels. Men ho er ikkje endeleg over, seier Rekkedal.

Han fortel at det har vore ei vanskeleg sak å jobbe med.

– Det har vore ein lang og kronglete veg. Hadde utreisefristen sett av politiet vorte ståande, ville dei ha sett ei sjuk og smitteførande dame på flyet til Filippinane. Flyturen tek på 11–12 timar, og der er klare retningsliner for at folk som er i den fasen av sjukdomen som denne kvinna er, ikkje skal flyge. Det er paradokset i denne saka, og det har vi ikkje fått noko forståing for i utlendingsseksjonen hos politiet.

I e-postar Møre-Nytt har fått tilgang til, frå 16. november, to dagar før førre utreisedato, skriv politiet at dei har fått melding om at Angelie får behandling for tuberkulose, men at dei treng ei legeerklæring som seier noko om smittefaren, om det er helsemessig uforsvarleg at ho reiser til heimlandet, og om det er utelukka at ho kan halde fram med behandlinga der.

– Og det skriv dei etter at dei har fått informasjon frå sjukehuset om at ho får behandling for tuberkulose, og at behandlinga vil ta seks månader, seier Øvstegård.

– At menneskelege omsyn ikkje har vorte tatt i denne saka er openbert. Dette handlar ikkje om at Angelie gjer seg vanskeleg på nokon måte, men det handlar om eit medmenneske i ein vanskeleg situasjon.

Han fortel at politiet har operert med svært korte tidsfristar, at dei har hatt problem med å få avtalt tid til å møte dei

– Problemet er at politiet ikkje har tid til å møte oss – før heilt i siste liten, samstundes som dei krev personleg oppmøte, eller oppmøte med fullmakt, for å levere klage.

Til slutt fekk dei avtalt møte 30. november, ein dag før utreisedatoen til Angelie som var 1. desember.

– Gjentatte gonger har vi vist til forskrifta som seier at Angelie har rett til å vere her til behandlinga er fullført, men politiet overser det og har aldri svart oss når vi har lagt dette fram.

Begeret har difor vorte fullt. Eigentleg, fortel Øvstegård, har det rent over for lenge sidan. Difor vart det sendt stemning til staten. Då skjedde ting raskt.

Kommunikasjonsdirektør i UNE, Bjørn Lyster fortel at UNE tysdag bestemte at Angelie kan vere lovleg i Noreg til dei har fått sett på saka hennar på nytt.

– Dette vart bestemt basert på skriv frå advokaten hennar. Ho kan vere lovleg i Noreg til vi har fått sett på saka hennar på nytt. Det betyr at ho inntil vidare ikkje har nokon utreisefrist, og heller ikkje risikerer å bli tvangsreturnert. Korleis vi vurderer dei helseopplysningane vi no har fått, vil gå fram av det skriftlege svaret ho etter kvart vil få når saka er handsama.

Angelie har vore for sjuk til å reise, og om ho ikkje hadde reist innan datoen politiet hadde sett, kunne ho ha vorte utestengt frå Schengen-området i fem år fram i tid.

– Paradokset var at ho ikkje kunne setje seg på eit fly når ho er så sjuk som ho er no. Det ville også vere ei ulovleg handling. Ei ulovleg handling politiet har pressa på for å få gjennomført. Angelie har ikkje følt seg mykje verd i det siste, og ho har tatt dette tungt. Det har vore hjarteskjerande å vere vitne til, kommenterer Geir Høydalsvik.

Føler ansvar

Øvstegård ønskjer at Angelie skal få ro til å bli frisk.

– Vi tek kampen for henne, så ho skal kunne konsentrere seg om å bli frisk. Eg føler på eit ansvar her. Ho vart sjuk i Noreg, og ho skal få bli frisk i Noreg. Det som har skjedd i denne saka er alt eg er imot. La Angelie bli frisk, og så kan ho reise heim. Verre er det ikkje. At UNE no vil sjå på saka på nytt er det første positive som har skjedd i heile denne saka.

Politiet har fått høve til å svare på kritikken, men ønskjer ikkje å uttale seg i saka. I ein e-post skriv ein representant frå eininga for utlending og forvalting: «Saksbehandlingsansvaret i denne saken ligger hos UNE. Vi henviser derfor til dem for uttale.»