Det skriv settekommunen Ulstein i saksutgreiinga om Osgeil-saka.

Ulstein er settekommune då administrasjonen i Ørsta er ugild i saka, fordi Ørsta-rådmannen bur i Osgeil-området.

I si første tilråding tidlegare i haust, sa Ulstein kommune at Osgeila burde bli einvegskøyrd i det brattaste partiet i geila. Samfunnsutvalet i Ørsta handsama så saka og sa at dei vil fysisk stenge geila med bom. Saka vart så lagt ut på høyring, med frist 11. november med å kome med innspel.

Engasjement og usemje

– Det er avdekt stort engasjement i saka og klar usemje om både historikk, situasjon, realitetar, konsekvensar av tiltak, trafikktrygging med meir, skriv Ulstein kommune.

– Oppsitjarane i Eliholen går klart imot bom. Dei fleste i Osgeila går inn for bom. Lensmannen støttar tilrådinga frå rådmannen i Ulstein om einvegskøyring i den brattaste delen av Osgeila. Det sentrale i saka er trafikktrygging for mjuke trafikantar. Der er ulike meiningar i uttalane om kvar dei fremste utfordringane knytt til trafikktryggleik er i området, og der er ulike meiningar om kor vidt bom i Osgeila vil løyse problema, står det i saka.

Vidare held dei fram at lensmannen har sagt at det bør vurderast eit smalt fortau langs den eine vegkanten, men Ulstein kommune meiner dette i praksis vil vere vanskeleg å få til grunna murar, hekkar, behov for avrenning m.m.

– Saksutgreiar finn at det samla sett er grunn til å halde på same tilråding som vart gjeven herifrå i førre sak, konkluderer rådmennene i Ulstein.

– Same kva for løysing som vert vald, fordrar stigningstilhøva og smal veg i Osgeila at dette området bør bli gitt høg prioritet med tanke på vintervedlikehald. Partane kan sjå fram til realisering av ny tilkomst til m.a. Eliholen, men dette er som kjent enno ikkje på plass.

Einvegskøyring

I tilrådinga vert det rådd til å gjere strekninga mellom Osgeila 16 og 17 om til einvegskøyring i retning nord. Det vert også tilrådd å få flytta ulike skilt for å gjere bilistar meir merksame på at det er forbode med gjennomkøyring. Det skal også opp skilt merka «blindveg» i krysset Osgeila/Melsvegen.

På det flate partiet av Osgeila (frå 2 til 10) skal det etablerast to farstdemparar. Etter at ny samleveg for Smådalane er teken i bruk, skal gjeldande reguleringsplan realiserast med delar av Osgeila som gangveg.

Fleire av høyringssvara gav uttrykk for at fleire har manglande tiltru til at samfunnsutvalet i Ørsta skal handsame saka vidare. Om dette skriv Ulstein: «Om andre organ i kommunen enn samfunnsutvalet skal handsame denne saka, må samfunnsutvalet sjølv vurdere som del av si handsaming. Sakshandsamar vurderer ikkje saksgangen i høve reglementet om delegering av mynde i Ørsta kommune.»