Ifølgje grunnlaget for saka køyrde den tiltalte bil i juni i fjor utan å vere tilstrekkeleg omsynsfull, aktsam og varsam. Mannen var ikkje tilstrekkeleg oppmerksam på at bilen framfor han stod stille og blinka for å svinge av vegen. Dermed bremsa han ikkje i tide og køyrde inn i bilen. Den påkøyrde bilen vart dytta over i motgåande køyrefelt og trefte ein møtande motorsykkel. Førar av motorsykkel vart påført skade og måtte fraktast til sjukehus med luftambulanse.

Tiltalte møtte i Søre Sunnmøre tingrett og erkjente seg ikkje skuldig etter tiltalen.

Retten fann det bevist ut over kvar og ein rimeleg og fornuftig tvil at tiltalte ikkje har vore tilstrekkeleg aktsam og varsam i situasjonen, og at mannen skulle dømmast etter tiltalen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til å betale ei bot på 8.000 kroner. I tillegg vart han dømd til å tole tap av førarretten i ein månad. Det vart ikkje tilkjent sakskostnadar til nokon av partane i saka.