Det skriv Petter Myklebust i eit brev til Ørsta kommune.

– Frå å ha vore ei levande gate, – handlegata vår, har Vikegata på ganske få år blitt redusert til ei gate med lite aktivitet. Fleire aktørar har vore «på banen» med ulike forslag om korleis igjen skape aktivitet i gata. Målet er eit pulserande og aktivt sentrum i Vikegata.

Myklebust held fram at der er mange prisverdige forslag og idear som er presentert. M.a. å utfordre/oppmode lag og organisasjonar til å bruke gata, flytte biblioteket til Vikegata, bygge klatrevegg og leikestativ for born, gatemarknad osb.

– Alle er gode forslag, men det gata treng er aktivitetar som skjer kvar dag, gjennom størstedelen av dagen. Til dømes butikkdrift, skriv Myklebust.

– Ynskjer vi gateliv og byliv, treng vi butikkane i sentrum.

Myklebust skriv at andre stader i landet har hatt liknande problem som i Ørsta, med butikkdød etter utbygging av kjøpesenter.

– At Vikegata blei gjort om til gågate er ei av årsakene til at vi fekk butikkflukt frå gata. Ei anna årsak er bygginga, og seinare utbygginga av Amfi.

Då Amfi bygde ut i 2011 bygde dei ut mot sør, vekk frå gågata. No er det på ny snakk om ei utbygging, og denne gongen nordover, i retning gågata.

– Det må då bli sett krav til bygging av parkeringsplassar, kanskje under bakkenivå. Og før Amfi får byggeløyve, må kommunen ha ein plan for Vikegata, skriv Myklebust.

Han stiller fleire spørsmål: «Kva kan vi gjere i Ørsta sentrum? Kva skal til for å få butikkane attende til Vikegata? Kva skal til for at fleire skal tore å satse med butikkdrift i Vikegata?»

Og han svarar: «Kundane vil ha lett tilgjenge til butikkane. Dei vil parkere nær butikkane. Dei vil sleppe å måtte bere varene langt. Og dei vil slettes ikkje bli altfor våte på føtene på ei lita handlerunde. Med ei fortetting av butikkar i gata, vil vi kanskje også kunne ta opp kampen mot netthandelen».

Myklebust vil at gata skal vere hjartet i bygda, både som knutepunkt og møtepunkt. Det skal vere folket si gate, og der skal vere eit mangfald av butikkar og vareutval.

– Det hastar med å ruste opp Vikegata før Amfi får byggeløyve for ny utviding. Opning av første kvartal frå aust, for biltrafikk og korttidsparkering, er ein god og absolutt nødvendig start på denne prosessen. Gata har mykje potensial i seg, men det hastar med å ta dei viktige og riktige vala og avgjerdene!