I eit anonymt brev til kommunen kjem «bebuarar i området» med personangrep på namngitte personar i Eliholen. Dei gjer det også klart at dei meiner at det einaste rette vil vere å stenge geila med bom.

I brevet skriv dei: «Det må vere klinkande klart at den bratte bakken mellom Osgeila 14 og 17 til tider har skapt kaotiske problem på glatt føre vinterstid der bilar har glidd ukontrollert ned bakken. Slike og feire hendingar har det vore kvar vinter og det veit dei inderleg godt bebuarane på øvre Ose også, sjølv om dei desperat prøver å bortforklare dette.»

At geila skal bli einvegskøyrt er dei imot.

– Einvegskøyring opnar for å plassere absolutt all trafikk frå området Eliholen/Hansholen (...), noko som er komplett galskap. Det er berre fysisk sperring og bom som er godt nok. Andre alternativ vert overhovud ikkje akseptert. Det er heilt ufatteleg at enkelte prøver å motarbeide trafikktrygginga av Osgeila, skriv dei anonyme avsendarane m.a.