Utanfor Elkjøp i Hovdebygda i dag stod rundt 20 personar i kø då butikken opna klokka 0700. Til liks med dei fleste andre har Elkjøp utvida opningstid på det som har blitt den store handledagen i året.

–Vi har veldig store forventningar. Dette er noko kundane har spurt om heile veka, seier butikksjef Thomas Eliassen.

– Det var rundt 20 i køa. Er det som venta?

– Det er om lag det same som i fjor, så det lovar bra. Det brukar å byggje seg opp ut over dagen.

Data og I-phone

Ein av dei første som kom til kassa var Håvard Holen. Han skaffe seg ein ny dataskjerm.

– Eg sparte berre 500 kroner men det er innafor. Eg måtte uansett stå opp tidleg for å gå på jobb, seier Holen.

Skaiste Vukuvaite kom saman med mor si, og målet med morgonshoppinga var klart.

– Eg har kjøpt med ny I-phone, fortalte Skaiste.

Målretta økonom

Thomas Hjelseth frå Volda var og målretta. Han handla for 22.500 kroner.

– Det er ny TV, oppgradering av lydutstyr, vaskemaskin, tørketrommel og høgtalar, fortel han.

Etter kjapp hovudrekning kom han til at han hadde spart 11.500 på storhandelen i morgontimane.

– Har du råd til dette?

– Eg er utdanna økonom og har sett opp budsjett. Eg har førebudd meg og tråla internett heile veka, for å sjekke at tilbode er reelle. Du skal ikkje berre gå blindt inn og drage kredittkortet, er hans råd på Black Friday.