Frp-politikar Inge Kolås fremjar ideen om at ein ny vidaregåande skule i Ørsta bør byggast i massivt trevirke.

– Ørsta er og vil bli ein stor skogskommune. Etter mitt syn er det då svært naturleg at vi som politikarar i kommune og fylke passar på å fremje at ny vidaregåande skule i Ørsta bør byggast i massivt trevirke. Eit slikt bygg vil medverke til ei betre miljøløysing enn andre tradisjonelle bygg. Fylket har for øvrig gått føre med eit godt eksempel på nybygget på Romsdal Vidaregåande skule.

Kolås har von om at det samla kan arbeidast for ei god miljømessig løysing for ein ny vidaregåande skule i Ørsta.