– Dette er eit opplegg som demensteamet i Ørsta kommune og lokallaget til nasjonalforeininga for folkehelsa tilbyr saman. Det er stadig fleire kommunar som inviterer til kurs om dette teamet, fortel Bodil Skare.

Ho er ein del av demensteamet i Ørsta, og arbeider til dagleg med demente på institusjon.

Men det er på langt nær alle demente som bur på institusjon.

40.000 bur heime

Dei siste tala frå Nasjonalforeininga for folkehelsa seier at 80.000 menneske i Noreg har demens, og at minst 40.000 bur i eigen heim.

– Mange med demens opplever isolasjon og einsemd. Dei ville hatt mulegheiter til å vere meir aktive og sjølvhjelpte dersom samfunnet hadde vore betre tilrettelagt, seier Skare.

Og det er der det no vert gjort forsøk på å skape eit meir demensvennleg samfunn i Ørsta.

Kurset som demensteamet og nasjonalforeininga gjev er på ein og ein halv time, og vert gjeve til ymse formar for verksemder, private som offentlege. Vilkåret for å ta del, er at alle tilsette, inkludert vikarar, må vere med.

Sertifiserte

– Verksemdene vert sertifiserte, men det er inga hensikt i ei slik sertifisering dersom det går ut informasjon om dette, og det ein dag berre er ein vikar på arbeid, og som ikkje veit korleis han/ho skal gå fram i eit møte med ein dement, seier Skare.

Det var Stoffsenteret og Specsavers sine tilsette som vart med på det fyrste kurset, og dei sette pris på tilbodet.

– Vi har behov for å lære korleis vi skal opptre når vi har kundar med demens, seier Mariann Skare hos Stoffsenteret.

Ideen til kursopplegget kom eigentleg frå Skottland, fortel Jørn Humberset i nasjonalforeininga.

– Der var det eit brannvesen som fann ut at det mangla kunnskap i samband med ein brann der det var ein dement som budde. Det sette i gang eit stort opplegg, fortel han.

I Noreg var Moss kommune fyrst ute, og sidan har fleire følgt opp.

Han og Skare oppmodar verksemder om å ta kontakt. Det er også i gang tilsvarande opplegg i Volda, men der har ikkje kurs vorte tilbode enno.