Det sa ordførar Stein Aam i møtet til trafikktryggingsnemnda tysdag.

Men kanskje kan han ikkje om altfor lenge få sykle på ein sykkelveg langs delar av strekninga. Ørsta kommune er i gang med eit samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune for å få gang- og sykkelveg langs heile strekninga mellom Ørsta sentrum og Vatne.

På møtet orienterte Dag Jarle Aa og Per Ivar Lied frå teknisk sektor om arbeidet som er i gang.

Det er bestemt å dele prosjektet opp i fem delstrekningar. Det er Mo – Brungot, ny høgebru, Legene – krysset Tussavegen/fv. 655, Tussavegen – Dalane skule og Dalane skule til krysset fv. 655/Vatnevegen.

Fylkeskommunen må betale

– Det er også slik at her gjeld ikkje 50/50-ordningar. Dette er ein fylkeskommunal veg, og må i utgangspunktet verte finansiert over fylkeskommunen sitt budsjett, orienterte Aa.

To av strekningane kan kome på plass ganske så raskt. Det gjeld strekninga Mosflata – Brungot. Her er det laga ein kalkyle på 37 millionar kroner, og det er eit mål at vegen skal stå ferdig til 2022. Det vert ein gangs- og sykkelveg etter gjeldande standardar for fylkesvegar. Det vil seie at han vert bygt separert frå køyrevegen.

Den andre strekninga som kan kome raskt er frå krysset Tussavegen/fv. 655 til Dalane skule.

– Her er det ein ferdig reguleringsplan, og vi har håp om å få prosjektet delfinansiert med ein eigen statleg pott til slike prosjekt, sa Aa.

For dei andre strekningane må det arbeidast både med reguleringsplanar, grunnerverv og vidare finansiering.

Dyrt

I trafikktryggingsnemnda vart det stussa over prisen på gang- og sykkelvegen frå Mosflata til Brungot.

– Det høyrest veldig dyrt ut, sa Karl Asgeir Sæbønes (Sp).

Han fekk til svar at det har med standardane for gang- og sykkelvegar langs fylkesvegar å gjere.

– Men vi veit at staten når det gjeld riksvegar har kravd kostnadsreduserande tiltak på store riksvegprosjekt. Då vil det nok også kome krav om kostnadsreduserande tiltak for fylkesvegprosjekta. Det kan frigjere pengar, slik at dei andre delstrekningane kjem inn i økonomiplanane. Her gjeld det for politikarane å stå på, sa Per Ivar Lied.