Aldri høyrt om Porsekjellaren? Då er du garantert ikkje over 40 år og frå Ørsta-Volda.

Dette var i si tid den einaste staden med ølservering i Volda, og dermed einaste alternativ for festglade studendar og voldingar.

– Eg har nok brukt minst eitt år av livet mitt her nede, seier Jan Ole Bolsø, som var fast disc-jockey på Porsekjellaren i "gamle dagar".

I romjula er han tilbake som DJ, på eit arrangement der Bokkereidars og Side Brok skal spele. Dette vert dermed å rekne som ei nyopning av Porsekjellaren, med eit oppe-nede konsept, slik det gjerne var før når store band spelte.

Entusiastisk

Ein som gler seg er Svein Hunnes. Han er ein nestor i musikkmiljøet i Volda, og spelar mellom anna i Bokkereidars.

– Eg har grunnfag i Porsekjellaren, seier Hunnes.

Han meiner Porsekjellaren har meir å by på enn nostalgi for dei som har over den første ungdomen.

– Eg har spelt over alt i Volda og Ørsta, men har sakna eit klubblokale av denne storleiken. Her får vi verkeleg ei klubb-kjensle. Dette er den tøffaste klubbscena vi har, seier Hunnes.

Ny eigar

Det er Eiliv Halkjelsvik som eig Volda Turisthotell no. Han har stått i bresjen for å pusse opp kjellaren. Under oppussinga oppdaga han mellom anna to brusflasker i kjøleskapet med "best før 2002".

– Det har vore litt av ein jobb. Dei gamle møblane var fulle av sigarettmerke, seier Halkjelsvik.

Møblane er trekt om i ein rustraud farge, og ikkje i den klassiske Porse-blåfargen. Men Halkjelsvik meiner at det ikkje kjem til å føre med seg altfor store protestar.

Stor interesse

Billettsalet til arrangementet i romjula har vore lovande.

–Det er mange frå 18 år og oppover som vil ha med seg denne hendinga, så vi trur på fullt hus. Målet er å gjere dette til ei konsertscene, for folk i alle aldrar, seier Halkjelsvik.

Porsekjellaren er tilbake i Volda. Og i Ørsta er det varsla come-back for Påfuglen, som hadde si stordomstid på 70-talet - før det kom skjenkeløyve til hotellet i Volda.

– Det er ei retrobølge no. Folk vil ha tilbake dei intime plassane, som forsvann då det vart stålstolar og neonfargar på 90-talet, seier Halkjelvik.

Back to the 80´s. F.v.: Eiliv Halkjelsvik og Audun Lyshagen frå Volda Turisthotell, DJ- Jan Ole Bolsø, og Bokkereidarane Svein Hunnes, Klaus Blø og Steinar Høydal. Foto: svein aam