Ein bil har køyrt utfor vegen ved Bondalseidet, melder politiet på Twitter.

Bilen har hamna på taket.

Det var ein person i bilen då ulykka skjedde. Personen kom seg ut av bilen og vart teken hand om av forbipasserande før luftambulansen tok personen med seg.

Vegen er sperra ved ulykkesstaden, men der er moglegheit for omkøyring.

Ulykke. Foto: Joachim Kroken Åsebø