Styreleiar Bjarne Rekkedal i Ørsta skisenter er svært glad etter opninga av Ørsta skisenter tysdag.

Alt i alt var det nær tusen personar i alle aldrar som prøvde skiløypene. Det var både i hovudtraseen og i langrennsløypene.

– Det var ein entusiasme og ei begeistring vi aldri har sett makan til, fortel Rekkedal.

Mange av dei frammøtte var langrennsløparar, som anten tok seg ein tur i lysløypa, eller som gjekk til Åmskaret med hovudlykt.

I alpinanlegget var det hovudtrekket som var ope. I området ved barneskitrekket vart arbeidet med å leggje kunstsnø prioritert, slik at barnetrekket var stengt. Det medførte litt kø, men utan at folk klaga over det.

For Rekkedal og dei andre i skitrekket fortel opningsdagen og responsen på denne om at det er behov for eit oppegåande friluftsanlegg på Bondalseidet.

– Det er ikkje tvil om at skisenteret står føre store utfordringar. Det handlar om klima. Slikt ver vi har i denne veka, altså veldig ustabilt frå kuldeperiodar til varmegrader og regn, slikt ver vert det vanlege. Difor må vi ha eit snøproduksjonsanlegg som sikrar at vi kan ha ein lang sesong, seier Rekkedal.

Snøproduksjon

Det har difor vorte satsa på å utvide snøproduksjonsanlegget til også å femne om Nakkeløypa.

– Der er det no godt over meteren med snø i høgda, og planen er å skøyte på med kunstsnø nedanfrå så snart forholda tillèt det, seier Rekkedal.

Men det kostar å ha snøproduksjonsanlegg, og det kostar å ha eit oppegåande skisenter som no definerer seg som eit friluftssenter.

– Det kostar å ha anlegget i drift, men det kostar oss også ei ringare folkehelse ikkje å ha eit godt anlegg, seier Rekkedal.

Han varslar difor at det vert arbeidd opp mot næringslivet i regionen for å sikre støtte til anlegget.

– Vi treng meir frå kommunen, og vi skal ha billettinntekter. Men dette er ikkje nok i den lagnadstimen vi er inne i. Eg meiner alle bedrifter må ta samfunnsansvar. Viss vi ikkje greier å halde i gang snøproduksjonen, då kan det heile rakne. Heile skimiljøet og lokalmiljøet vil vere taparane, seier Rekkedal.