Etter at Volda og Ørsta bordtennisklubb vart lagt ned i sommar har ikkje dei lokale bordtennisspelarane hatt eit lokalt treningstilbod. Ei av dei som har lyst til å satse vidare på bordtennissporten er Anastasia Humberseth får Ørsta. 12-åringen har tidlegare vist prov på at ho har talent, og gjorde det på ny under noregscupen i Bergen i helga. Laurdag spelte Humberseth seg fram til finalen i J13-klassa mot Mathilde Neskvern (Kobra BTK). Neskvern vann finalen 3–1 i sett, men det vart sølv på Humberseth.

Sølv

I damer junior søndag vart det siger mot Cornelia Dahl (Vikåsen BTK) i kvartfinalen, og i semifinalen vart det 3-0-siger mot Victoria Eilertsen (Sportsklubben Heros). Dermed var Humberseth klar for ein ny finale. Der vart Tone Solerød Todok litt for sterk, men Humberseth sikra seg sin andre sølvmedalje for helga.

I J13-klassa vart det 3-0-siger mot Malin Eivik Olsen (Bodø BTK) i semifinalen. Anja M. Myklebust (Tingvoll BTK) vart motstandarar i finalen. Humberseth vann første settet, men Myklebust gjekk sigrande ut av finalen. Dermed vart det tre sølvmedaljar i noregscupen for Humberseth. Det har vore store utfordringar for bordtennistalentet å finne treningspartnarar for å utvikle seg vidare sidan Volda og Ørsta bordtennisklubb vart lagt ned.

– Vi har reist nokre gonger til Skodje for å få trening, men det har vore for lite. Medaljane skuldast nok gamle kunstar, meiner Humberseth.

Spelar for Skodje

For å kunne stille i NM må alle spelarar vere tilknytt ein klubb. Difor spelar Humberseth no for Skodje IL.

– Det er vel langt å reise til Skodje for å få trening. Dei fleste på dette nivået trenar minimum fire gongar pr. veke med oppvarming og trenarar som kan lære frå seg teknikk og liknande.

3.-plass for Sjøholt

Humberseth var ikkje den einaste av tidlegare Volda og Ørsta-spelarar som var i aksjon i helga. Sunniva Sjøholt som spelar i B-72 tok ein tredjeplass i damer eldre junior. Sigurd Tjalveson Sørheim representerer no Fornebu BTK og kom på 5.-plass i herrar junior.