Han var med trafikktryggingsnemnda (samfunnsutvalet) i Ørsta på synfaring til Velle skule tysdag.

Føremålet var å sjå kva tiltak som har vorte gjennomført for å få betre trafikktryggleik ved skulen, kva som kan gjerast på kort sikt, og kva som kan verte permanente ordningar.

Ved Velle skule har det vore ein situasjon der det har vore stor trafikk i Anders Hovden-gata, svært tronge inn- og utkøyringsforhold, aukande tal bilar som køyrer til og frå skule – og summen har ført til kaotiske forhold.

Frå skulen si side har det vorte arbeidd mykje for å betre på dei trafikale forholda, og tiltak har vorte gjennomført siste tida.

Fleire tiltak

Det er laga til fleire parkeringsplassar, det er laga til ei ordning for inn- og utkøyring som fungerer betre, og det er teke tak for å sikre skulen meir areal for å gjere forholda endå betre.

– Vi ynskjer å få fjerna to nabohus. Med desse vekk vert det mogleg å få til betre forhold for parkering, og gjere det enklare å skilje gåande frå køyrande, fortalde Øye på synfaringa.

Det er gjort avtale med den eine av huseigarane, medan det enno ikkje er semje med den andre.

På lang sikt vert heile området ved Velle skule endra. Det skjer den dagen Ørsta vidaregåande skule flyttar over på andre sida av Holmegata. Fylkeskommunen har sett Ørsta vidaregåande skule på investeringsprogrammet, og med ein plan om fullføring i løpet av 2021.

– Då vil det kome på plass permanente løysingar der gåande og køyrande er skilde frå kvarandre, og der gangrutene er mest mogleg rett fram, for vi veit at born gjerne vil ta den kortaste vegen, fortalde Øye.

Men Velle skule og skuleeigar Ørsta kommune kan ikkje vente til då med å få til gode trafikkløysingar ved skulen.

Rektor Vidar Nupen uttrykte ynskje om fleire lyspunkt.

– Her er lite lys frå før, og med den opplyste bensinstasjonen på den andre sida av Anders Hovden-gata, berre forsterkar det inntrykket av at her er mørkt. Området kan også gjerast finare med farge på betongelementa, sa Nupen.

– Det gjeld å finne dei gode løysingane som ikkje kostar for mykje, fordi dette berre vert mellombels, sa Øye.

tiltak: Rektor Vidar Nupen (t.v.) ber om litt fleire trafikktryggingstiltak ved Velle skule. Foto: Rune Sæbønes