–Gi katten i slike innlegg, er  toppolitikar Jon Georg Dale (Frp) sitt råd til «ungdom der ute som er på veg ut av skåpet».

Bakgrunnen er eit lesarinnlegg frå pastor Hans Reite i Nytt Livs senter i Ørsta. Innlegget er på trykk i Møre tysdag og er planlagt trykt i Møre-Nytt torsdag.

Reite tar utgangspunkt i planane om ei Pride-markering i Ørsta/Volda til våren. «Dei homofile og lesbiske må få drive med det dei vil i det skjulte, men kvifor skal dei stå fram med parade for å profilere levesettet sitt? Er det for å verte fleire?», skriv Reite mellom anna.  Han viser til Bibelen og skriv at «homofilt levesett er motbydeleg for Gud.»

Jon Georg Dale er landbruksminister, og Frp-politikar, frå Dalsfjord i Volda. I eit innlegg han har sendt Møre-Nytt tar han eit oppgjer med Hans Reite, som har kome med liknande utsegner tidlegare.

–Nokre av uttalelsane i innlegget til Reite er ikkje berre feilaktige og grovt urimelege, dei er også respektlause for folk i vårt lokalmiljø, skriv Dale mellom anna.

Homofil Frp-leiar

Hans partifelle i Ørsta, Anbjørn Steinholm Frislid (21), er open homofil, og ein av inititativtakarane til Pride-arrangementet i Ørsta/Volda. Den unge Frp-aren vart nyleg vald til leiar i Ørsta Framstegsparti.

Jon Georg Dale viser til påstanden frå Reite om at «ingen er skapt som homofil eller lesbisk. Dette vert skapt av synda, miljø og påverknad».

–Dette er ein måte å sette seg til doms over sine medmenneske på som eg er sterkt uroa over, skriv Jon Georg Dale.

– Eg har aldri gått i Pride, men om noko skulle få meg til å gå er det innlegg som det du Hans Reite set på trykk tysdag, skriv Jon Georg Dale, og underteiknar  med «Heterofil syndar med større tru på herren enn på Hans Reite."

Hans Reite er pastor i Nytt Livs senter i Ørsta Foto: Arkivfoto