Dette er det andre operaprosjektet til Magnar Åm. Og det er den andre Vesaas-romanen han byggjer ein opera på. Åm komponerer musikken, og det er Oda Radoor som skriv librettoen.

– I stor grad nyttar ho reine sitat frå boka, som vart skriven i 1940, fortel Åm.

Den førre Vesaas-boka han laga opera på var Isslottet, og han har ein draum om å lage ein trilogi.

– Håpet er å få komponere ein opera basert på «Fuglane», og tida får vise om eg får det til, seier Åm.

Det er litt av eit kunst- og kulturbeite som er med Åm i satsinga på «Kimen». Regissør vert Jiri Nagy, busett i Ørsta, men med erfaring frå opera både i Tsjekkia og frå Nordfjordeid. Kristof Asbot er scenograf og Opera Nordfjord vert med Kari Standal Pavelich i spissen som produsentar.

Det er gjort avtalar med åtte songarar. Det er Magne Fremmerlid, Tomas Røshol, Eivind Kandal, Ingeborg Fangel Mo, Karen Rosenberg Olsen, Louise Engeseth, Ragnhild Engeset og Siv Aurdal. Telemark kammerorkester forsterka med musikarar frå Sunnmøre og Nordfjord utgjer orkesteret og Lars-Erik ter Jung er musikalsk leiar. Rita Slåtterøy er co-produsent også Renata Nagy Vynikalova medverkar i produksjonen.

Jiri Nagy gler seg over at han får regissere ein heilt ny opera.

– I alt for liten grad vert det skrive ny opera. Oftast handlar det om klassikarane, eller at gamle operaer vert presenterte i ei modernisert form. Slik får vi ikkje nytt publikum til operascenene. Det gjer vi å få produsert heilt nye, insisterer han.

Det er altså under Dei nynorske festspela det vert urpremiere. Han er den. 8. juni i propellhallen i Volda. Det vert også ei framsyning 9. juni.

Arbeidet med å setje opp operaen byrjar på nyåret.

– Her vil det vere behov for mykje dugnad, snikkarar, folk som kan sy kostyme, og ikkje minst ein kaffigjeng, seier Standal Pavelich.

I dei to siste vekene før premieren vil det verte intense samøvingar mellom orkester, songarar og ikkje minst eit skikkeleg operakor som vil telje nær hundre medlemmer.

Men alt 5. desember kan folk høyre mykje av musikken. Då vert 21 av 24 satsar framførde på Sentralen i Oslo.