Det er ein mellombels stopp for rehabiliteringa av Volda samfunnshus.

No er det hovudentreprenøren, Norsk Enøk og Energi AS, som har meldt frå om finansielle vanskar.

Dette medførte at det vart full stopp i arbeidet med renoveringa av samfunnhuset førre veke, då også alle underentreprenørar måtte stoppe opp.

For nokre veker sidan påverka konkursen hos Inge Kolås AS arbeidet med å renovere Volda samfunnshus. Dette selskapet hadde ansvaret for å leggje ny takstein. Arbeidet vert etter kvart teke over av det nye selskapet Byggmeister Inge Kolås AS.

Volda kommune opplyser at det tidleg denne veka vil verte avklart at kva som skjer vidare med hovudentreprenøren, og kva følgjer dette får for renoveringa av Volda samfunnshus.

Omfattande avtalar

Kommunen skreiv ein avtale med NEE (Norsk Enøk og Energi) om gjennomføring av fleire energi- og vedlikehaldstiltak i januar. Arbeidet skulle gjerast i perioden 20. januar 2017 til 1. mai 2018.

Prosjektet vart delt i to, der kommunen sjølv gjennomfører tiltak for inntil 45 millionar kroner, og i samarbeid med NEE tiltak for inntil 45 millionar kroner.

Til saman skulle det etter planen gjennomførast 220 tiltak fordelt på dei 24 bygningar. Omfanget av tiltaka strekkjer seg frå nattsenking av temperatur og installasjon av nye varmepumper, til infoskjermar og nytt tak på Volda samfunnshus.