Det er som å bla seg gjennom fiskerihistoria. «Senior», «Pero» «Havmann», «Varegg» og «Ramoen». Kjende lokale båtnamn, der Jarle Blomvik har passa maskinen. Han byrja i 1974, som smørjar på ringnotbåten «Senior». Den tida baud fiskaryrket på lange periodar vekke frå familien.

– Vi gjekk 2–1 ordning. Vi var vekke mellom 60 og 67 døgn. Så var det eit par dagar i land, og så var det ut att i 60 døgn til, fortel Jarle Blomvik.

I dag er fiskaryrket knapt til å kjenne att.

– Det er stor forskjell på statusen til ein fiskar. Vi tener godt og har skiftordningar med like gode vilkår som på supply.

– Har du vore freista til å byrje på supply, slik mange gjorde?

– Eg var ein vikartur då han Atle og han Knut (Vartdal) hadde standbybåtar. Det var i 82. Nei, det var ikkje noko for meg. Det var lange dagar og kjedeleg. Eg angrar ikkje på at eg har vore på fiskebåt. I alle fall så lenge du jobbar for eit så flott rederi.

Rederiet han siktar til er Vartdal Fiskebåtrederi, som Jarle Blomvik kom inn i 1990. Eigenleg hadde han tenkt å gi seg, sidan han hadde fått familie i Ørsta. Så ringde Knut Vartdal og baud han jobb på «Havmann». Han takka ja, og heldt seinare fram i det same reiarlaget, på fabrikktrålarane «Varegg» og to utgåver av «Ramoen».

– Det har vore eit fantastisk rederi å jobbe for. Eg trur ikkje der er andre fiskebåtrederi som har slik orden på alt, seier han.

«Ramoen»har framleis Vartdalnummeret VD-1 i baugen. Men majoritetseigarane er i Herøy.

–Det er ikkje mykje att på Vartdal?

– Det er trist, tenk kor det var før. Men det har skjedd mykje positivt elles i fiskeria. Det er meir lettvint. Det er slutt på tunge løft og handbløgging, og fabrikkane i dag er topp avanserte, seier Jarle Blomvik.

Og fiskarane har årsløner som få på land kan måle seg med.

– Kvotane har gått ned, men prisane har gått opp. Og det er greitt. For kvifor skal du bryte i land i store mengder, og ikkje få betalt. No er det voldsomt svære prisar.

– Så du gir deg på topp?

– Ja, eg gjer faktisk det. Men du byrjar å kjenne det på kroppen, veit du. Så eg synest at når eg har drive 40 år på blåmyra så får det vere bra.

– Kvifor vart du fiskar?

– Det er litt tilfeldig. Eg har vakse opp på Fiskarstrand. Far min hadde ein verkstad der eg jobba litt. Eg har alltid likt å skru på ting, og når eg byrja som smørjar på båt, synest eg det var steike interessant.

Draumen om det store varpet er grunnleggande for alle fiskarar. Det har blitt nokre varp gjennom 43 år. Som då «Pero» hamna midt opp i eit rikt rekefelt på Aust-Grønland i 1978. Dei andre båtane prøvde å gjere seg usynlege, men skipper Rolf Vartdal let seg ikkje lure.

Jarle Blomvik fortel: «Vi kom frå Tor Iversen- feltet (ved Hopen) og var på veg til Vest-Grønland. Då såg skipperen nokre lys. Dei sløkte, men han Rolf fekk dei på radaren. Det var ei tre-fire båtar som låg der. Vi ropte på dei, men dei svara ikkje. Men han Rolf skaut trålen for å sjå kva dei styrte med. Vi taua ein times tid. Det var fullt av reker der, og det var berre store reker. Då vart det hallelujastemning. For store reker var veldig godt betalt»

Dette var starten på rekeventyret på Aust-Grønland.

– Det vart ei stordomstid for Vartdal. Og dei dreiv båtane steikandes godt, seier Blomvik.

Grønland baud også på barske forhold, spesielt i det berykta Stretet ved Kapp Farvel. Dette havområdet kjem ikkje Jarle Blomvik til å sakne i sitt nye tilvære. Men heilt på land går han ikkje.

– No har eg vore på kurs, slik at eg kan ta vakter på Fjord1. Eg har hatt ei nattevakt på Festøya-Solavågen allereie.

70-talet: «Pero» trålar reke ved iskanten. Jarle Blomvik var med då dei oppdaga eit rikt rekefelt ved Aust-Grønland. Foto: Eldar Fjørtoft Foto: facebook
Nye tider: Den nye «Ramoen» ruvar når den ligg ved kaia på Vartdal Foto: svein aam