– Ein del av lysa er 40–50 år gamle. Dette gjeld ikkje sjølve lysarmaturen, men stolpar og elektrisk opplegg knytt til dei. No er det andre standardar som gjeld, seier lensmannen.

Hagen understrekar at han set pris på engasjementet som har blitt vist for gatelys langs europa- og fylkesvegane den siste tida.

– Vi har stadar der mjuke trafikantar må bruke køyrebana til å ferdast. Slik strekningar må særleg prioriterast i arbeidet med å modernisere gatelysa. Eit døme er europavegstrekninga på Vartdal der det er for svake lys. Dette er noko eg har tilskrive Statens vegvesen tidlegare, og det er særleg viktig at det blir teke grep på slike strekningar.

Gatelys som ikkje fungerer vart igjen sett på dagordenen då Hans Olav Myklebust (Frp) stilte fleire spørsmål til Ørsta kommune før førre møte i formannskapet. Myklebust peika på at det i lengre tid hadde mangla veglys på Vartdal, i tillegg til at det var fleire armatur som var mørke langs Melsvegen. Lensmannen ønsker at det vert gjort eit kartleggingsarbeid sone for sone og at gatelysa vert oppgradert etter ei trafikktryggleiksvurdering.

– Kartlegginga må gjerast av vegeigar når det er mørkt ute slik at behova vert avdekt. Der standarden ikkje er god nok bør det kome på plass LED-lys som er moderne og godt eigna.

– På Vartdal kunne eg tenke meg at dei strekker seg etter standarden som er på gatelysa i sentrum av Barstadvik. Her er det og kome på plass fartshumpar som er med på senke farta, og arbeidet som er blitt uført i Barstadvik har trafikktryggingseffekt.

Hagen viser og til Dalevegen ved Brungot.

– Dette er ei strekning som treng utbetring. I enkelte soner er det heilt utfall, og det seier noko om behovet for ei oppgradering. Her er det heller ikkje gang- og sykkelfelt. På slike strekningar kan leidningsnettet med fordel leggjast i bakken ved utbetringar. Det gjer det enklare for helikopter å lande ved ei ulykke.

Refleks

Lensmannen påpeiker også at enkeltpunkt på gatelysa i Ørsta sentrum ofte fell ut.

– Dette kan ha med gammal infrastruktur å gjere. No når det er mørkt og terrenget ikkje er snødekt er det krevjande utan gode gatelys. Mjuke trafikantar må ta ansvar sjølve for å vise godt att og ha på seg nyare refleksvest. Refleksane taper effekt med åra, og det er berre å skaffe seg nye for å vise godt att, seier Hagen.