Hugsar du undersøkinga mellom lærarstudentane i Trondheim der 80 % straks tenkte på sonen til kronprinsesse Mette-Marit når dei høyrde «lille Marius». Dette var norskstudentar som skulle sleppast laus på uskuldige norske skuleelevar. Høyrer studentane Byggmester Solness vil deira vimsande tankeløyse flakse mot lokale entreprenørar, høyrest Brand, vil dei gledestrålande kvittere med resultatet av Brann sin siste heimekamp!

La meg for den gode ordens skuld leggje til at lille Marius er ein karakter i Alexander Kiellands «Gift», dei to andre døma er tittelen på verdskjende skodespel frå Henrik Ibsen sin storslegne penn.

Dette er den skremmande litterære sanninga i skulen. I 2006 fjerna Utdanningsdirektoratet Knut Hamsun, Sigrid Undset, Olav Duun, Cora Sandel og Henrik Ibsen frå pensum i grunnskulen. Henrik Ibsen, den mest spela dramatikar i verda etter William Shakespeare vart ufatteleg nok forvist frå norsk skule.

Læreplanen vart igjen revidert i 2013, noko som enda med ytterlegare slanking av krava til litteraturundervisinga. Faktisk er det no berre ein brøkdel av norskfaget som handlar om klassisk litteratur. Læreplanen er fri for krav om kunnskap om bøker eller forfattarar som elevane bør kjenne til. Derfor er det opp til lærarane, dei står heilt fritt til å droppe alle klassiske verk i norsk litteratur. Mensa rotunda, sa lille Marius, og døde …

Det ultimate forfallet vert nådd når elevane berre skal lære om nålevande forfattarar. Sjå føre deg ein tidsrett, moderne, norsk forfattar. Langt hår med sløyfe i nakken, runde Wergeland-briller, partimedlemskap i MDG eller Raudt, livsvarig æresmedlem i Palestinakomiteen. Etter å ha jobba heile året med stipendsøknaden, går forfattaren målmedveten ut i kolonihagen, myser mot sola, tømmer raudvinsglaset og kved – « Jeg er den nye vinen, jeg er eslet til å opplyse folket. Møtte veggen i våres, i dag tar jeg et oppgjør med mytene rundt Saddam Hussein. I morgen hyller jeg min grandonkels heroiske kamp som proletar og fagforeningskjempe i Longyearbyen, til uken rettes min skarpe og nådeløse penn mot båtflyktningene og migrantkrisen i Middelhavet. Shit, jeg glemte , i morgen er det hagefest hos Gyldendal med fingersushi, sjampis og nettverksbygging. Tror jeg må legge meg nedpå litt, blir sliten i hue vettu…»

Kva slags vrøvl er det at nålevande forfattarar trur dei evnar å formidle tankar og leseverdig litteratur om stadar dei aldri har vitja ved å kopiere journalistar som har vore på staden og sett seg inn i kompliserte sakskompleks. Tenk på litterære stjerneskot som George Orwell, Joseph Conrad, Graham Greene, Ernest Hemingway og ikkje minst vår eigen Nordahl Grieg. Dette var genuine forfattarar, dei levde ut draumen og skreiv om kjærleik, liv, krig og død. Med sjølvopplevd detaljkunnskap om framande kulturar og evige konfliktar opererte dei alltid i fyrste line. Dei budde og jobba i Det fjerne Austen, rapporterte frå den spanske borgarkrigen, sigla opp Kongofloden, dreiv i det løynde spionasje for det britiske imperiet og tråla Sovjetunionen i turbulente år etter bolsjevik-revolusjon og Moskva-prosessar.

Dei skreiv som greske gudar, hadde alltid ei historie å fortelje og relevant kunnskap og erfaring å ause av. Det er slik litteratur skulane våre må promotere, ikkje liksom-litteratur frå sjølvsentrerte selfie-forfattarar vandrande kvilelaust frå hagefest til hagefest med høge champagneglas i eine handa og eit sushiflekka stipendskjema i den andre.

Unn deg ein litterær weekend med Nordahl Griegs penn som mentor…