Korleis er kvardagen din?

Eg er veldig engasjert i politikken, så mykje av tida mi går med til det. Eg sit i både kommunestyre, ungdomsråd og eldreråd. Førre helg vart eg vald som leiar i Ørsta Frp, og eg gler meg til å ta tak i det vervet. Eg var også med på å starte Ørsta/Volda Pride for ikkje så lenge sidan. Vi skal få til eit pride-arrangement i Ørsta/Volda i mai 2018.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

No skal vi snart behandle Ørsta kommune sitt budsjett for 2018 i kommunestyret, så det blir ein del lesing og arbeid med det framover.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Det er vanskeleg å unngå å trekkje fram naturen i kommunen. Han er eineståande i verdssamanheng. Her har vi verkeleg eit stort potensial med tanke på turisme.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta eller Volda?

Eg saknar eit større utval av utestader, som ville gjort det meir attraktivt for unge å gå ut. Eg trur det ville ha vore tryggare å flytte alkoholen ifrå heimane og ut til utestadane, der skjenkinga skjer i kontrollerte former.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Då ville eg har gjort alt eg kunne for å fjerne eigedomsskatten. Han er usosial og rammar folk blindt, uavhengig av inntekt. Eg ville også sett søkjelys på eldreomsorga.

Kven fortener ein blomebukett?

Alle dei frivillige i Røde Kors som står på for å hjelpe lokalsamfunnet når det oppstår vanskelege situasjonar.

Korleis er draumeforsida i Møre-Nytt?

Ørsta kommune er best i landet på kommunale tenester.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Det er så mykje at det blir vanskeleg å velje. Men bilferiane rundt om i landet om sommarane er kanskje det eg hugsar best.

Kva får deg til å le?

Ein skikkeleg tørr vits, eller folk med mykje sjølvironi.

Kva er ditt favorittmåltid?

Eg er svært glad i norsk tradisjonsmat, men har ei svakheit for fredagstacoen.