–Gjestekor denne kvelden er Åmdalskoret Berre Damer, og dei vil vere med på å gjere dette til ein sosial og kjekk kveld med mykje song og musikk, skriv Cantando i ei pressemelding.

Cantando vil presentere noko av det nye repertoaret dei jobbar med i lag med dirigent Morten Bollerud. I ei annonse i Møre-Nytt er feil stad oppgitt for arrangementet. Rett stad er Samhald, og tida er tysdag klokka 1900.

–Cantando gler seg til ein trivelig kveld saman med alle som finn vegen til Samhald denne tysdagskvelden i november.  Så det er ingen grunn for å sitje i godstolen, men heller ta deg ein tur til vår korkafe og gjere den til ein trivelig kveld med mykje fin song, skriv arrangøren.