Det fortel Karl Alsaker hos ISS i Volda. ISS var ei av elleve verksemder som onsdag deltok i «Ta sjansen» hos Nav i Ørsta.

«Ta sjansen» er eit tilbod til folk som står eit stykke frå arbeidslivet og treng hjelp for å prøve seg i jobb igjen eller for første gang kome ut i arbeid, fortel Nav-leiar Eli Grøtta.

Nav si hovudoppgåve er å få folk i arbeid. Og den gruppa som er med i «Ta sjansen»-programmet er dei som står lengst unna arbeidslivet. Det kan handle om fysiske føresetnader, om språk eller psykososiale forhold. Likevel, alt er mogleg, og gjennom arbeidstrening viser erfaringane at folk kan kome seg i arbeid på meir eller mindre permanent basis.

Nav arbeider dagleg med å få folk inn i ymse arbeidstreningsprogram. Det er på individuell basis. Det spesielle med «Ta sjansen» er at det heile vert komprimert. Arbeidsgjevarar vert invitert til å delta i eit samla opplegg, og der det i løpet av få timar vert gjennomført intervju med potensielle kandidatar til arbeidstrening.

– Det er spesielle reglar for arbeidstrening. Det er Nav som betalar, og det kan søkjast om spesielle midlar. Det kan maksimalt vere kontraktar på eit og eit halvt år, fortel Grøtta.

Ei av verksemdene som var til stades onsdag, var ISS i Volda.

– Vi har hatt fleire i arbeidstrening hos oss. Vi får hjelp til å leggje forholda til rette for at desse personane skal fungere i arbeidet sitt, og det fungerer godt, seier Karl Alsaker.

ISS har kundar i Nordfjord og på Sunnmøre. Selskapet yter tenester som reinhald, vaktmeistertenester, catering, innemiljøarbeid osb.

– Vi har strenge HMS-krav, og kundane våre har ofte endå strengare krav. Det vert stilt krav til medarbeidarane våre. Og difor er det gledeleg å sjå at når vi tilbyr folk arbeidstrening, då greier desse å lære seg opp til å gjere eit godt arbeid. Dette viser at det er mogleg å få til gode opplegg for folk som i utgangspunktet har hatt det vanskeleg med å kome inn i arbeidslivet, seier Alsaker.

Med på «Ta sjansen» onsdag var også Nav hjelpemiddelsentral og Nav arbeidslivssenter. Dette er underorganisasjonar i Nav-systemet som tilbyr spesiell kompetanse for at folk kan fungere ute i arbeidslivet.

– Vi ynskjer å stå fram som eitt lag når vi er i kontakt med næringslivet, seier Grøtta.

Fyrste gong

Det var fyrste gongen Nav i Ørsta hadde eit «Ta sjansen»-opplegg onsdag. Erfaringane frå andre stader er gode.

– Sjølvsagt er det overordna målet at vi skal få til varige løysingar. Likevel er eit slikt opplegg verdfullt på andre område. Arbeidssøkjarane får oppleve å vere i ein intervjusituasjon. Dei har i forkant førebudd seg godt på dette, seier Grøtta.

Under «Ta sjansen» vert arbeidssøkjaren sett opp til ein maksimum halv times intervju hos den aktuelle bedrifta. Her får bedrifta høve til å bli kjend med kandidaten, og omvendt, og finne ut om arbeidsgjevar vil tilby arbeidstreningsplass.

– Nav-rettleiarar kan vere med brukaren under intervjuet, og kan då eller i etterkant hjelpe til med å avklare kva ressursar og verkemiddel Nav kan hjelpe til med i den enkelte sin situasjon, fortel Grøtta.