– Fokuset fram til no har vore å få nok barnehageplassar. Der er vi i mål. No seier vi noko om innhaldet også, og vi er ekstremt stolte over resultatet, og ekstra kjekt er det når også andre legg merke til det, seier seksjonsleiar barnehage, Reidun Mo.

Planen var klar i august, etter åtte månader med intens jobbing. Planen er ein del av eit treårig utviklingsarbeid, «Saman om Ørstabarnehagen – verdibasert leiing». Alle dei elleve barnehagane i kommunen er med, både dei sju kommunale og dei fire private barnehagane.

– Det er også spesielt. Vi har ideelle, private barnehagar i Ørsta, som står på for barnas beste, og der overskotet går tilbake til barnehagane for vidare utvikling. Alle ungane i barnehagane er Ørsta sine ungar, og alle skal inn i den same skulen, uavhengig av om det er private eller kommunale barnehagar dei kjem frå. Difor er det svært kjekt at vi alle løftar saman, heiar fram kvarandre, og har ei felles plattform å stå på.

Nynorsk

Å lage ein lokal rammeplan er frivillig. Det finst også ein sentral rammeplan alle barnehagane må rette seg etter. I den lokale kan dei gå meir i detalj. I Ørsta har dei valt å fokusere på språk, kultur, natur og leik – i korte trekk.

– Alle barn skal bli lest for kvar dag – på nynorsk, fortel Mo.

– Mange er flinke til å gjere dette uansett, men no vert det sett i system. Barna skal ha eit naturleg forhold til nynorsk. Og det skal vere nynorsk, ikkje dialekt, sjølv om dialekten også er noko som skal løftast fram for identitet og sjølvkjensle. Men eit auka fokus på nynorsk vil auke språkforståinga og lette overgangen til skule. Vi seier «korfor», men vi skriv «kvifor». Vi bur i Ivar Aasen sin heimkommune. Det skal vi løfte fram og vere stolte av. Der har vi også Ivar Aasen-tunet som ein viktig instans for eit mykje nærare samarbeid enn det som er i dag. Vi seier ikkje noko om korleis barnehagane skal gjere dette, men vi seier at dei skal gjere det. Alle foreldre og føresette skal vite at alle barnehagane i Ørsta har ei felles plattform som er lik for alle.

Eigen profil

I tillegg skal barnehagane sjølve utvikle sin eigen profil. Dette skal bli gjort i samarbeid med firmaet Ringer i vann, som har vore involvert i arbeidet med den lokale rammeplanen. Ei eiga styringsgruppe med representantar frå barnehagane og kommunen har også vore med på arbeidet.

– Vi har ulike barnehagar i Ørsta, og slik skal det også vere. Vi har til dømes Dalane barnehage, som har mykje fokus på landbruk, Liadal barnehage som har mykje uteaktivitetar, og Barnas Vel som har eit tett samarbeid med biblioteket. Alle skal løfte fram og vise kva som er unikt med dei. Det gir også meir eigarskap til barnehagen for både tilsette, barn og foreldre. Alle har noko unikt dei kan vere stolte av. Det må vise betre att enn det gjer i dag.

I rammeplanen vert det også slått fast at barna skal få oppleve leik og læring i all slags vêr, og i tett kontakt med naturen. Alle barn skal få leike ute kvar dag. Alle skal ut på tur minst ein gong i veka, og alle skal dagleg få oppleve glede ved musikk og song.

Merksemd

I Ørsta kommune er dei stolte over arbeidet som er lagt ned. Ekstra stolte er dei fordi mange har lagt merke til arbeidet deira. Bladet Utdanning har ein større artikkel om satsinga, og seier at Ørsta kommune truleg er av dei første kommunane i landet som har utvikla ein lokal rammeplan, basert på den sentrale. Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn skriv til Reidun Mo at han ønskjer å få tilsendt rammeplanen, for å bruke han som føredøme for andre kommunar.

– Som leiar i Noregs Mållag les eg siste nummer av bladet Utdanning om den felles, forpliktande lokale rammeplanen for barnehagane som de har sett ut i livet i Ørsta. Dette ser rett og slett veldig bra ut, og vi i mållaget blir spesielt glade for å sjå eit døme på barnehagar som førebur barn til å gå i nynorskskule, ikkje bokmålsskule, skriv han.

– Det er klart det er kjekt. Då veit vi at vi har gjort noko rett, og kanskje kan vi også vere til inspirasjon for andre. Vi gjer jo dette først og fremst for ungane, og for å gi eit verktøy til dei tilsette. Vi blir aldri utlærte i dette faget. Vi håper og trur at dette gir ein ny giv ute i Ørstabarnehagane.