– Eg meiner det er hårreisande dyrt for foreldre å bruke skulefritidsordninga (SFO) når vi veit at det er dyrare enn barnehageplass, men med færre timar og utan pedagogisk innhald. Eg seier ikkje at dei som jobbar der ikkje gjer ein god jobb, men der er altså ingen krav til innhald, sa Marit Aklestad i levekårsutvalet.

SFO-satsane for hausten 2018 er på 3.070 kroner, inkludert matpengar. Barnehagane har makspris på 2.910 kroner per månad. For SFO er det også ein ekstrakostnad på 600 kroner månaden om foreldre ønskjer å nytte seg av SFO i feriane.

– Då er vi oppe i ein betydeleg sum. Vi veit at mange er avhengig av SFO for å få kvardagane til å gå rundt. Vi set foreldre i ein vanskeleg situasjon når prisen er så høg. Og vi veit at SFO er ein viktig sosial arena for ungane.

Framlegget vart gjort om til eit oversendingsframlegg, der administrasjonen skal rekne ut kostnadene, og så vil det vere opp til kommunestyret å sjå på finansieringa. Oversendingsframlegget lyder: Satsane for SFO, inkludert matpengar, skal ikkje overstige maksprisen for barnehage.Det blir innført moglegheit for å søkje redusert pris i SFO for låginntektsfamiliar tilsvarande regelverket som i dag gjeld i barnehage.