Kring hundre publikumarar var til stades i Ørsta kyrkje fredags kveld då «Min yndlingsmusikk» gjekk av stabelen for fjerde gong. Alt frå småbarnsfamilie til gode, gamle vener tok turen for å høyre dei tre artistane og bandet Merkesteinane framføre to låtar kvar som betyr mykje for dei. I tillegg skulle kvar av dei velje ein salme.

Kjetil Grøtting

«Det sårbare i livet» var ein raud tråd gjennom kvelden.Kjetil Grøtting var første mann ut. Han byrja med å fortelje at han flytta til Volda for nokre år sidan, byrja å arbeide på Høgskulen i Volda og at han 1. desember trer inn i rolla som kantor i Ørsta kyrkje. Han snakka om første låta «Hey Jude», og korleis han i sine yngre dagar høyrde på The Beatles. Han sette seg ved pianoet og byrja å spele. Etter kvart som låta bygde seg opp, og han kom til «Na, na, na, na na na na – Hey Jude», vart publikum med. Allsongen var vakker.

Kristi Ytrestøl Kvakland

Kristi Ytrestøl Kvakland var neste fram til mikrofonen. Ho fylde kyrkja med si fortryllande stemme, og viste sine kontrollerte kontrastar i stemma mellom sterk og svak, lys og mørk. Songen som kanskje sit best igjen hjå dei frammøtte, heitte «Blott ein dag». Ho fortalde om sorga ho kjende ved å miste eit ufødd born, og ynskjet om at Gud skulle passe på. Songen og historia var veldig rørande.Arnulf Hjertvik

Tredje artist var Arnulf Hjertvik, og hans yndlingsmusikken er musikk som treff han rett i hjartet. Han valde derfor to låtar av Erik Bye. Bye var ein mann som heile tida stod opp for dei svake, og det traff Hjertvik. «Det gode skip - Jesus» var fyrste songen hans, og handla om det første slaveskipet som drog frå Afrika til Amerika. Hjartvik fylde kyrkjerommet med musikken, og ein kunne sjå publikum late att augene og nyte tonane.Merkesteinane

Sist var det Merkesteinane sin tur. For dei var det viktig å vise respekt og kjærleik til sine medmenneske, og at det alltid er viktig å kose seg. Til stor glede for dei frammøtte vart det ikkje berre tre, men fem låtar framført. «Det kjem ein ny CD til jul, så det er viktig å vise seg fram!» sa dei. Og det gjorde dei mellom anna med «Du er alltid nær» og «Takk gode Gud». Publikum kosa seg, og smilte frå øyre til øyre då konserten var ferdig.