I dei gamle lokala til Europris i Strandgata 4 skal Sport Outlet etablere seg.

– Vi gler oss til å kunne tilby billeg sportsutstyr til Ørsta sine innbyggjarar. Vi har hatt fantastisk suksess i resten av landet, og alle liker det vi held på med, seier Tor-André Skeie, adm.dir. i Sport Outlet-kjeda.

Opning i desember

Kjeda jaktar både butikksjef og tilsette til butikken i Ørsta, og Sport Outlet siktar seg inn mot ei opning av den nye butikken før jul. Frå før er både Sport 1, G-Sport og Intersport godt etablert i Ørsta, i tillegg til Staurset som sel sportsklede. Med nyetableringa vil konkurransen om kundane spisse seg. Ifølgje Skeie er filosofien til Sport Outlet å kjøpe store vareparti og selje dei til gode prisar.

– Folk flest liker gode produkt til låge priser, og folk i Ørsta er vel neppe annleis på den fronten, seier Skeie med eit smil.

– Naturleg framhald

Sport Outlet-kjeda har ekspandert dei seinare åra, og har i dag nærare femti butikkar i Noreg. Den næraste butikken til Ørsta ligg på Moa.

– Vi har vakse med stor fart dei siste fem åra, og talet på butikkar har auka med femti prosent. No har turen endeleg kome til Ørsta. Vi er best i vest og skal bryne oss på resten av landet. Vi er ein vekstvinnar i Noreg, og opninga av ein ny butikk i Ørsta er eit naturleg framhald av dette.

– Kvifor satsar de i Ørsta?

– Vi har god tru på at det kan bli eit bra område for oss.

Ifølgje Skeie vil Sport Outlet-kjeda bygge opp under lokalt eigarskap.

– Vi har eit sterkt ønske om å dele. Det er dette vår partnarskapsmodell er bygd opp rundt. Ja, vi skal tene pengar – vi leikar jo ikkje butikk. Men vi skal tene pengar saman med den lokale eigaren, og ikkje sentralt.