Aldri før har Ørsta ungdomsskule hatt med så mange elevar til skulecupen i friidrett. Totalt 55 elevar reiste til Ulsteinvik tysdag.

– Dette er ein semifinale i friidrett for alle skular sør for Romsdalsfjorden. Ørsta ungdomsskule hadde i år med seg rekordmange elevar samanlikna med tidlegare år. Vi reiste utover med buss i lag med Velle og Hovden skular, og totalt var vi i overkant av 70 spreke elevar frå Ørstaskulen, seier Emila Ragnarsdottir som saman med Einar Myrold reiste i lag med ungdomsskuleelevane.

Det var ein innhaldsrik dag i Ulsteinhallen for både lærarar og elevar.

– Dette er ein lærerik og kjekk dag for elevane, og dei får kjenne på både glede, spenning, nervøsitet og meistring. Som kroppsøvingslærar er det utruleg flott å sjå så mange spreke ungdomar samla på ein stad. Dei er både positive og oppmuntrande ovanfor kvarandre, og det er ingen tvil om at dei yter sitt beste. Dei støttar og heiar kvarandre fram i dei ulike disiplinane.

Gode resultat

Det vart og levert mange gode resultat av elevane frå Ørsta-skulane. Nokre elevar gjekk også vidare til finalen som vert arrangert i Molde til våren. Jan-Egil Garen tok ein 3. plass i kule for gutar 10. klasse, og på 4. plass hamna Sigurd Vartdal.

Andreas R. Schjetne to 2. plassen i lengde på same årssteg.

I lengde for gutar 6. klasse gjekk Eskil Ringset Fuglehaug (Velle skule) heilt til topps med eit hopp på 4.08 meter.

Sander Krøvel-Velle frå Dalane skule sprang inn til 5. plass på 60 meter for gutar 7. klasse.

I lengde for 7. klassingane kom Simen V. Haram (Velle skule) på 3. plass med eit hopp på 4.36 meter. Luckas Loe Selbervik kom på 4. plass med 4.25 meter.

Andreas Tangen hoppa 4.58 meter i lengde for guat 8. klasse og kom på 3. plass.

Marnix Cepedo tok 2. plassen i lengde gutar 9. klasse med eit hopp på 5.30. På 60 meter i same årsklasse kom Like Mellan Suarz Davidsen og Cepedo på 4.- og 5. plass.

Fleire pallplasseringar blant jentene

Blant jentene var det også fleire gode resultat. Maria Myklebust tok 4. plassen på 60 meter for 10. klassingane. Marthe Bjørdal kapra 2. plassen i kule i same årsklasse med eit støyt på 10.38 meter.

Elisa Aarflot (Vikemarka skule) gjekk til topps på 60 meter for 6. klassingane med tida 9.38. I lengde vart det siger for Aarflot med eit hopp på 3.81 meter.

Marie Steinnes sprang inn til 2. plass på 60 meter for 8. klassingane på tida 8.55. Maren Lillevik tok 3. plassen på tida 8.81.

I kule for 8. klassingane kom Amanda Moe på 4. plass. Steinnes gjorde det godt også i lengde. Her vart det 2. plass med eit hopp på 4.57 meter.

Iselin Aam sprang inn til 3. plass på 60 meter for 9. klassingane med tida 9.06. Hanna Seline Vartdal tok 5. plassen i finalen.

Frå finale 60 meter: Lukre Mellan Suarz Davidsen i bane 4 og Marnix Cupedo i bane 5. Foto: Emilia Ragnarsdottir Foto: Emilia Ragnarsdottir
Lengde: Iselin Aam i aksjon i lengde for 9. klassingane. Foto: Einar Myrold Foto: Einar Myrold
God stemning: Frå venstre Maren Lillevik, Marie Steinnes, Iselin Aam, Tora Ose og Hanna Seline Vartdal. Bak: Emilia Ragnarsdottir. Foto: Einar Myrold Foto: Einar Myrold