I april i år gjorde kommunestyret i Ørsta vedtak der dei bad rådmannen greie ut sak om lokalt tiggeforbod i Ørsta kommune. Tysdag handsama formannskapet saka. Forslag til vedtak var at politivedtektene for kommunen ikkje skulle endrast i samband med tigging. Hans Olav Myklebust (Frp) fremja forslag om at neste gang vedtektene skal regulerast må det vurderast meldeplikt eller forbod mot tigging i Ørsta.

– Det er ikkje nokon grunn til å endre dagens regelverk. Dette er storm i eit vassglas og Ørsta er ein god kommune med gode forhold. Her vert det henta inn eksempel frå den store vide verda som vi ikkje nødvendigvis skal lære av, sa Paul Kristian Hovden (KrF).

– Vi må ikkje lage eit problem ut av noko som ikkje er eit problem, sa Synnøve Rekkedal Hill (Sp).

Forslag frå administrasjonen vart samrøystes vedteke. Tilleggsforslaget frå Myklebust fall.