I formannskapet tysdag fekk Myklebust svar frå teknisk sjef Rolf-Magnus Sundgot på fleire spørsmål knytt til drift- og vedlikehald av veglys i Ørsta kommune. Bakgrunnen for spørsmåla får Myklebust var drift- og vedlikehald av veglys er overført frå Mørenett AS til BKK Enotek AS. Ifølgje Sundgot er rutinane for feilretting som tidlegare ved bruk av nettbasert feilmeldingsteneste der publikum melder inn feil.

– Ansvar for og eigar av gatelysa er i hovudsak Ørsta kommune. Nokre få strekningar er eigd av Statens vegvesen. Dette gjeld nokre nyare veglysanlegg på E39, ifølgje Sundgot.

Myklebust stilte spørsmål om det er nokre fristar for feilretting etter at feil er meldt.

– Det er ikkje skriftlege avtalar om fristar for feilretting. Vi har munnlege avtalar om å prioritere områdefeil og at desse skal rettast så fort som mogleg. Mindre feil og enkeltlampar skal vi samle opp og rette med jamne mellomrom.

Myklebust er klar på at det må på plass skriftlege avtalar rundt fristar.

– Ein del kommunar har skriftlege avtalar rundt fristar for feilretting. Det er eit tøyeleg omgrep at ein feil skal rettast så fort som mogeleg. I avtalar som eg har sett eksisterer andre stader er det normalt at feilrettingsfristar er maksimalt tre dagar på spesielt prioriterte område som t.d. fotgjengarovergangar, sa Myklebust.

Frp-politikaren var og klar på at utskifting av armatur som ikkje er tilfredsstillande må takast tak i.

– Det er ikkje mange år til med drift og vedlikehald før det er brukt meir pengar enn det kostar å kjøpe armaturar. Eg tykkjer også at vi burde hatt ei politisk sak knytt til veglys. Det er noko som berører heile kommunen og det er ei viktig sak for mange.

Myklebust fekk støtte frå fleire av politikarane i utvalet. I tillegg hadde han stilt konkret spørsmål om manglande lys langs E39 på Vartdal.

– Denne strekninga har vore «ute» fleire gongar dei siste åra. Ofte er det sikringar som er gåen i styringa. Denne strekningar har gamle HQL-armaturar. Montørar meiner det kan vere armaturar som gjer at ein får kortslutning i kretsen. Samtidig er styringa plassert i ein stolpe som gjer at ein må stå i vegbana for å utføre reparasjonar. BKK Enotek AS har jobba nokre veker med å få godkjent varslingsplan for å gjere arbeidet langs slik veg. Godkjenninga kom i dag, opplyste Sundgot og understreka at feilrettinga skulle gjennomførast 15. november.