Det seier stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (ap). Som medlem i finanskomiteen har han siste vekene vore med på å sy saman Ap sitt framlegg til statsbudsjett.

Arbeidarpartiet la fram forslaget onsdag. Holen Bjørdal seier at det vert endringar i opplegget for kommuneøkonomien.

Han varslar ei auka ramme til kommunane, og at dessutan vil gå i mot dei føreslegne kutta i tilskota til ressurskrevjande tenester, og styrkjer denne potten med 300 millionar kroner i 2018.

Verk og bruk

Eit av dei omstridde forslaga i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, er ei varsla endring i skattlegginga av verk og bruk når det gjeld eigedomsskatt. Regjeringa foreslår å fase dette ut. Mellom anna for Ørsta kommune vil dette få konsekvensar i samband med skattlegginga av Tussa Kraft sine kraftverk.

– Vi går i mot regjeringa sitt framlegg om å fjerne eigedomsskatten på verk og bruk, seier Holen Bjørdal.

Holen Bjørdal peikar på at kommunane i Møre og Romsdal har store, uløyste oppgåver innanfor skule, eldreomsorg, barnehage, helsetenester og barnevern.

– Mange lokalpolitikarar og tilsette har store ambisjonar for kvaliteten på velferdstenestene kommunane skal levere. Diverre har regjeringa endå ein gong lagt fram eit svakt økonomisk opplegg for kommunane, som vil gjere desse ambisjonane krevjande å nå, hevdar Holen Bjørdal.

Han meiner at kommunane no har prøvd med ostehøvelkutt, og at dette viser at det likevel ikkje er nok ressursar til kommunesektoren.

– Ikkje nok til kvalitet

– Det er ikkje nok pengar i kommunesektoren til å løfte kvaliteten på velferd, omsorg og skule, seier Holen Bjørdal.

Han fortel at Arbeidarpartiet vil gje kommuneøkonomien eit løft med to milliardar kroner meir enn i regjeringa sitt forslag.

– For kommunane i Møre og Romsdal vil det seie over 100 millionar meir til neste år med vårt opplegg. Desse pengane kunne gått til fleire barnehageplassar, fleire lærarar og tidleg innsats i skulen, styrkja eldreomsorg og førebyggjande helsearbeid for born og unge, seier Holen Bjørdal.