Dersom Ørstafjordkryssinga vert realisert vil det også kome tunnel forbi den delen av Vartdalsstranda der det er rasfarleg.

– Dette er eit glimrande døme på korleis vi kan kombinere rassikring med ny vegbygging, seier Aurstad.

Han minner om at det også er rasfarleg i Rindane, mellom Lianeset og Liadal.

– Vi kan ikkje sitte å vente på Hafast. Det kjem aldri til å bli brukt 65 milliardar på eit samband for 15.000 menneske. Det er ikkje reelt. Og raset som gjekk på E39 no viser at vi treng rassikring straks, seier Aurstad.

Bil i raset

Raset på E39 gjekk ligg nord for Rjåneset torsdag morgon. Fire kvinner sat i ein bil som køyrde inn i raset. Ei kvinne i 30-åra fekk lettare skader.

– Alt tyder på at dei ikkje er trefte av ramlande steinblokker. Når ein ser dimensjonane på steinane, dei største som halve personbilar i volum, så veit ein kor gale det kunne gått. Skadane på autovernet syner også heilt tydeleg kva krefter som har vore i sving her, seier lensmann Guttorm Hagen til Sunnmørsposten.

Lensmannen meiner det må kome tunnel på strekninga.

– Eg veit ikkje sikkert kva alternativ som vil vere best, men han bør minimum gå frå Flåvika i nord, til Grøvika i sør. Eller han kan gå heilt innom Lianeset, då ville vi få sikra også tre kjende raspunkt ved Rindane, seier Hagen.

Tunnel?: Kjell Arne Aurstad tar til orde for Ørstafjordkryssing, inkludert tunnel forbi strekninga mellom Rjåneset og Vartdal. Foto: svein aam