«Her flyttar Ida og Magnus til jul», står det på eit skilt på Øvre Mo. Måndag kom mesteparten av huset på fem semitrailerar frå Estland, kvar med ein stor modul på lasteplanet.

Jan Peter Lannerholm følger spent med på bygginga av fleire grunnar. For det første er det sonen Magnus Lannerholm og sambuaren Ida Rebbestad som skal bu i huset. Dessutan: Dette er prototypen i eit prosjekt som mellom anna har gjort at Lannerholm har engasjert seg i eit banebrytande forretningssamarbeid i Ukraina.

–Her kjem det til å bli synlege endringar kvar dag framover. Kjem du att i morgon så skal vi ha fått på heile taket. Og innan fire veker skal alt vere ferdig, seier Jan Peter Lannerholm, og syner Møre- Nytt rundt på byggjeplassen, både ute og inne.

– Sjå her, på kjøkenet er kjøleskåpet er på plass, og badet er ferdig flislagt, seier han ivrig

Einebustaden har eit bruksareal på 160 kvadratmeterer. Prisen over grunn og utan tomt er under 2,5 millionar kroner.

–Det er altfor mange som i dag bur i to- og firemannsbustader fordi dei ikkje har råd til einebustad. Med desse husa kan vi oppfylle draumen om einebustad til ein pris som konkurrerer med leilegheiter i fleirmannsbustader, seier Lannerholm.

Å byggje med modular har mange gjort før – også Lannerholm. Han byrja med import av modulhus frå Estland alt i 2001. Dei siste åra har han jobba med det han kallar konseptutvikling i regi av sitt Estiske selskap Pro-Nor Baltic OU. Inspirasjonen er Henry Ford og T-Ford, ein bil som var bygd med få og standardiserte komponentar på samleband. Resultatet var ein pris ingen matcha.

T-ford

Henry Ford hadde T-Ford, Jan Peter Lanneholm har T- Design.

– Vårt fokus i utviklingsarbeidet har vore effektivisering gjennom standardisering, forklarer han.

Utviklingsarbeidet har mellom anna ført han inn i Ukraina, der kona Lena Postelniak har vore hjelpar og døropnar. I samarbeid med eit ukrainsk selskap har det vore testproduksjon av ein mindre hustype, som til slutt har blitt til produksjon av hytter.

–Vi har tilført design og kompetanse og lagt til rette for å sette i gang produksjon. Vi hadde aldri klart å kome der vi er utan kunnskap og erfaringar i vårt estiske selskap, og god støtte frå det norsk- ukrainske handelskammeret, fortel Lannerholm.

Ukraina prøver å orientere seg mot Vesten, og folk som vil satse i landet vert tatt imot med opne armar. Lannerholm har møtt både den ukrainske presidenten og den norske statsministeren på vegen fram mot realiseringa av forretningsideen.

– Vi er det første nordeuropeiske selskapet som har starta opp med denne typen produksjon i Ukraina, seier Jan Peter Lannerholm.

Produksjonen i Ukraina avgrensar seg til modulane som skal bli hytter.

– Vi legg opp til ein produksjonskapasitet på om lag 35 hytter neste år. Etter ein forsiktig start i byrjinga, planlegg vi å gire opp til ein produksjon tilsvarande om lag ei hytte i veka frå juni, seier han

Modulane som skal bli einebustader vert laga i Estland, mellom anna av omsyn til transportkostnader

– Når det gjeld einebustader rettar vi oss mot den lokale privatmarknaden i første omgang. Hyttene lanserer vi nasjonalt, og her har vi opplevd ein eventyrleg respons, hovudsakleg frå utbyggjarar av store hyttefelt. Vi lanserer det som Sunnmørshytter-«steikje billige hytte», fortel Jan Peter Lannerholm.

Med prisar frå rundt ein million for ei nøkkelferdig hytte, og med fleire ulike modellar, har han håp om å få fleire store kontraktar i hamn.

– Eg reknar med at heile produksjonen neste år er selt, alt før den første hytta står ferdig i april, seier han.

T-design: Jan Peter Lannerholm lanserer T-design, med inspirasjon frå T-Ford produksjon. Foto: svein aam
Fint selskap: Jan Petter Lannerholm (t.v.) saman med presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, (nr. 3 frå venstre) og statsminister Erna Solberg under eit offisielt besøk i Norge i fjor. Foto: Privat Foto: Privat
Til jul: Her flyttar Ida og Magnus inn til jul», står det på skiltet. Foto: svein aam