- Vi har geolog på veg ned til Rjåneset , men det vil ta ei stund før han er framme. Så vil geologen si kartlegging av området og behov for sikringstiltak avgjere kor tid vi kan starte med å rydde vegen, fortel prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen, i eit pressemelding som vart lagt ut klokka 9:30.

Like før klokka 14.00 gav geologen grønt lys, og vegen er no opna att.

Politiet sin innsatsleiar på staden opplyser til Møre-Nytt at det ligg små og store steinar i vegbanen, i om lag 70 meters breidde. Førebelse opplysingar tyder også på at bilen som vart råka har køyrd inn i ei stor steinblokk.

Riksvegen vart stengt ved Rjånes klokka 06.42 torsdag morgon etter at det det hadde gått eit steinsprang ned på vegen, opplyser politiet i ei pressemelding.

All trafikk mellom Søre Sunnmøre og Nordre Sunnmøre har blitt dirigert over ferjesambandet  Hareid – Sulesund.

– Det er godt skilta alle stadar og Statens vegvesen har sine folk på ferjekaiene for å hjelpe med å dirigere den auka trafikken, opplyser Møre og Romsdal politidistrikt.

Ferjekø på Sulesund torsdag formiddag Foto: Terje Engås, Sunnmørsposten