Tilsvarande tal for i fjor var 88,7 millionar. Då hadde banken ein eingongsgevinst ved sal av aksjar som forklarer skilnaden på botnlina. Den underliggande drifta er stabil. Samla utlån inkludert SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt har vokse med 4,1 prosent i 2017. Utlånsvekst på personmarknaden i år er på 6,2 prosent på årsbasis

–Det er stor aktivitet i personmarknaden og banken aukar sin marknadsandel i dette segmentet. Dette viser at banken er konkurransedyktig og at organisasjonen arbeider målretta og godt i marknaden, seier Administrerande direktør Stig Brautaset.

På det jamne

Banken har merka lite til dei reduserte aktiviteten i det maritime næringslivet, som pregar landsdelen elles.

–Nedbygginga på bedriftsmarknaden har skjedd på områder vi ikkje definerer som våre hovudområda, mellom anna syndikat og liknande. Vårt primærområde er lokale, små og mellomstore bedrifter, seier Brautaset.

Det er gjort avsetningar og konstatering av tap på 22,4 millionar kroner mot 18,2 millionar til same tid i fjor.

–Dette er mellom anna basert på ei auke innan offshore og avhending av eit dotterselskap. Dei fleste av eigedomsengasjementa til banken er no avhenda, og banken forventar normaliserte tap i åra framover, står dei i ei pressemelding.