– At pengane renn ut av Ørsta kommune tykkjer eg ikkje stemmer. Vi har teke tak, og eg fekk litt hakeslepp då eg såg den overskrifta. Alle seksjonar i kommunen har kutta 2,3 prosent og vi har stramma inn på drifta, sa rådmann Wenche Solheim under budsjettdrøftinga.

Ordførar Stein Aam gav ros til administrasjonen og seksjonane i kommunen.

– Eg må takke dei for verkeleg å ta arbeidet alvorleg. I mine auge ser budsjettet stramt og tøft ut, men ikkje uansvarleg.

Aam lista opp mange av investeringane som har blitt gjort dei siste åra, og kva som har blitt utretta i Ørsta kommune.

– Så kan vi spørje oss sjølve om det renn pengar ut av Ørsta. Det er sjeldan eg har blitt så opptrekt som den overskrifta. Det er ikkje tilfelle at pengane renn ut av kommunen. Vi må ta eit kvileskjer no og setje bremsa på i 2018.

Ordføraren viste og til at det skal stå att 54 millionar på disposisjonsfond når planperioden er ferdig.

– I tillegg veit eg at vi har ubundne fond på 14,1 millionar kroner. Både formannskap og kommunestyre må halde tunga beint i munnen, men dette er ikkje uansvarleg drift. Så får media skrive nett det dei vil, sa Aam.

– Auke i eigedomsskatten

Ein som meiner at Ørsta kommune vil få økonomiske utfordringar med budsjettforslaget som no er lagt fram er Per Are Sørheim (H).

– Budsjettet er stramt, men slik eg ser det kjem vi til å ha utfordringar framover om vi legg oss på dette driftsnivået. Det vil ikkje gå lang tid før eigedomsskatten må auke og kanskje doblast. Det blir ikkje enkelt å køyre vidare med eit slikt høgt driftsnivå. Dette er krevjande, men eg trur ikkje Møre-Nytt tek heilt feil i det som har blitt skrive, sa Sørheim.

Høgre-politikaren varsla og at partiet ikkje kjem til å støtte budsjettet som no er lagt fram, og at dei truleg vil legge fram eit eige forslag.

– Dette vil nok vere eit strammare forslag enn det som ligg framme i dag, men dette kjem vi tilbake til når budsjettet skal handsamast.

Aam påpeika at Høgre har vore med på å seie ja til store investeringar i Ørsta kommune dei seinare åra.

– Det har vore gode kompromiss med legesenter og fleirbrukshall, men det har kosta, sa Sørheim.

Paul Kristian Hovden (KrF) oppmoda politikarane om å skape eit samsvar mellom kva som må gjerast og røyndomen dei står i.

– Eg trur den jamne innbyggjar i Ørsta ikkje kjenner seg att i røyndomen når det i overskrifter vert omtala ei investeringsramme på 1,5 milliardar kroner samtidig som det skal kuttast i budsjettet. Difor sit nok ein del att med inntrykket av at pengane fossar ut. Du skal ganske langt inn i dokumenta for å sjå at det ikkje er røyndomen.

Hovden gav ros til Sørheim, og poengterte at kommunen kunne ha bygt fleirbrukshall rimelegare.

– Vi hadde ikkje fått same produkt som vi får no, men det hadde blitt billegare. Eg er heilt samd med det store fleirtalet, men konsekvensen er vi bruker meir pengar enn vi bør, sa Hovden som understreka at det er mykje som kan forandre seg med tanke på framskriving av fond i eit seksårsperspektiv.

Rådmannen avslutta debatten i formannskapet med å seie at nedskjeringane som no er lagt inn i budsjettet har smerta.

– Men vi er trygge på at dette budsjettet er bra, sa Solheim.