Det er selskapet The Fjords DA, ått av Flåm AS og Fjord1 AS som skal drive hurtigbåtruta.

Dette er det same selskapet som driv ferja Hellesylt–Geiranger. Selskapet baserer drifta si på reiselivsverksemd i Lysefjorden, Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

Etter planen skal ruta starte 1. juni, og båten skal gå i månadene juni, juli og august, med ei mulegheit til lenging av sesongen.

Tre rundturar dagleg

Det er planlagt tre daglege rundturar, og ruta skal korrespondere med buss mellom Øye og Hellesylt, og vidare ferje Hellesylt–Geiranger.

I søknaden frå The Fjords DA heiter det at ruta kan avlaste kapasitetsavgrensingar for hotella i Geiranger med å gjere det mogleg at fleire turistar nyttar hotella i Ålesund. Vidare at ruta også kan ha positiv verknad for Hotell Union, Øye, og for lokalbussen mellom Øye og Hellesylt.

Det er The Fjords DA som i dag har konsesjonen på ferjesambandet Hellesylt–Geiranger, og det er eit håp at den nye ruta også kan føre til fleire passasjerar for denne ferjeruta.

97 passasjerar

Selskapet ser føre seg å drifte båtruta med hurtigbåten Fjord Molde. Dette fartøyet er bygt i 2005, og har ein kapasitet på 97 passasjerar.

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal ser positivt på søknaden. Utvalet har samrøystes vedteke å gje The Fjords DA konsesjon.

Utvalet støttar seg til saksutgreiinga, der det heiter at: «Den omsøkte båtruta kan ha positiv verknad næringslivet i regionen, for Hotell Union Øye, hotella i Ålesund og ikkje minst gi eit betre og utvida busstilbod for turistar og fastbuande mellom Øye og Hellesylt. Vi kan heller ikkje sjå at båtruta skal ha særleg negative konsekvensar for miljøet. Slik vi vurderer det, er også fartøyet rimeleg godt utrusta i høve universell utforming. Det har heller ikkje kome fråsegner som går i mot etablering av den omsøkte båtruta.»

Ikkje einerett

Ei båtrute mellom Ålesund og Øye er ikkje konsesjonspliktig. Difor presiserer samferdselsutvalet at konsesjonen til The Fjords DA ikkje gjev einerett til å trafikkere strekninga.