Det er Helsedirektoratet som har bedt Helfo om å etablere ein meir effektiv kontorstruktur. Føremålet er å oppnå sterkare fagmiljø. Omorganiseringa medfører at 160 av Helfo sine 555 tilsette får tilbod om ein ny arbeidsstad.

Tilrådinga frå Helfo skal no til Helsedirektoratet, før Helse- og omsorgsdepartementet tek ei endeleg avgjerd.

Omstruktureringa skal verte gjennomført i løpet av to til tre år.

Det vert altså rådd til at Ørsta-avdelinga med sine 43 tilsette får halde fram. I tillegg vert kontora i Mo i Rana, Sola, Tønsberg, Fredrikstad, Orkdal og Brumunddal vert også foreslått vidareført. Dei to sistnemnde skal igjennom ei ny vurdering ved eit seinare høve.

Helfo er Helsedirektoratet sin ytre etat, og har mellom anna ansvaret for refusjon av utgifter som privatpersonar har til legemiddel, tannhelse og helsetenester i utlandet, og oppgjer frå folketrygda til behandlarar utanfor sjukehus.