Møbelprodusenten Fora Form i Ørsta tek i mot DOGA-merker i dag. Også Ulstein Power & Control blir utmerkt.

DOGA-merke er det nye namnet på Merke for Godt Design, der Fora Form i ei årrekkje har vore mottakar av prisar.

Utmerkingane vert delt ut til Fora Form og designpartnarane Runa Klock Lars Tornøe og Anderssen & Voll onsdag ettermiddag på Design og arkitektur Norge (DOGA) i Oslo.

Ulstein Power & Control vart allereie i førre veke stadfesta som mottakar av DOGA-merket 2017, samtidig som dei vart nominert til det aller gjeveste Heidersmerket. Onsdag klokka 18.00 vert det klart om Ulsteinvik-selskapet når helt opp.

Storsatsing på eksport

Saman med møbeldesignar Runa Klock frå Sjøholt i Ørskog lanserte Fora Form bordserien «Root» tidlegare i år. Her hentar ein inspirasjon frå naturen og dei vakre kurvene til røter. Serien som får DOGA-merket 2017 er samansett av seks bord i forskjellige former, storleikar og høgder som utfyller kvarandre og kan brukast åleine eller i kombinasjon.

Fora Form og møbeldesignar Lars Tornøe tek i mot DOGA-merket for «Kvart», eit fleksibelt konferansebordkonsept meint for eksportmarknaden. Innan 2020 skal konseptet verte det største volumproduktet innanfor bordkolleksjonen til Fora Form.

Det vankar også eit DOGA-merke til stolen «Camp», som vart lansert under Stockholmsmessa i februar 2017. Han er utvikla i samarbeid med Anderssen & Voll og er ein del av Ørsta-bedrifta si satsing på eksportmarknaden.

«Tidlause, elegante møblar»

Juryen er svært begeistra for bordkonseptet Kvart:

«Bordet står fram som elegant og diskré med ein tidløs karakter. Sjølve forma vert opplevd som harmonisk, nesten organisk, og dei slanke føtene gir borda visuelt ein avslappa lettheit. Vi likar også at Kvart kan kombinerast med andre løysingar, og det passar like godt i kantina som på styrerommet. Vi har difor stor tro på Kvart som eksportprodukt og gratulerer Fora Form med nok et godt møbel,» står det i jurykjennelsen.

Om Root skriv juryen følgjande: «Dette er ein vellykka variasjon over det klassiske, enkle sidebordet. Inspirasjonen frå treets røter er subtilt handtert i det enkle understellet, og den bevisste materialbruken gjer at dette er bord som vil tole tidas tann og eldest med verdigheit.»

Frå juryavgjerda om Camp står det at stolen « … har mange gode kvalitetar og løysingar, med eit tidlast og elegant preg. Komponentane som armlene og fotkryss har ein enkel og god detaljering som møtes på ein elegant måte.»

God design

DOGA-merket, som inntil i fjor heitte Merket for god design, vert delt ut årleg til norske arkitektur- og designprosjekt. Utmerkinga løfter fram verksemder og utøvarar som har samarbeidd om innovative prosjekt der design og arkitektur skaper samfunns-, miljømessige eller økonomiske verdiar.

– I år tok imot vi nesten 300 søknader til DOGA-merket, og så mange som 49 tilfredsstilte dei høge krava som juryen stiller. Årets mottakarar er forbilde og gode bevis på kor høgt nivå design- og arkitekturfagene held i Norge, seier Thea Mehl, prosjektleiar for DOGAs priser.

Design og arkitektur Norge (DOGA) er ei stifting under Nærings- og fiskeridepartementet, og ein del av regjeringas verkemiddelapparat for auka innovasjon. DOGA er ein pådrivar for berekraftig verdiskaping gjennom design og arkitektur og fasiliterer samarbeid mellom utøvarar og verksemder, eksperimenterer med nye løysingar og formidlar innsikt og læring, heiter det i ei pressemelding.

Camp vert karakterisert som elegant. Foto: Pressefoto