Tiltaket er eit samarbeid mellom Kirkens Nødhjelp og Framtiden i våre hender.

– Har du ein penkjole du er litt lei av, eller ei ytterjakke som er blitt litt trong over rumpa? Kunne du tenkje deg å kjøpe pent brukt tøy til ein billig penge, og samtidig støtte eit godt formål?, spør Bente Hjertenæs i og Marit Steinnes.

For tredje gong arrangerer Framtiden i våre hender og Kirkens Nødhjelp «Klebytedagar i Ørsta»

– Vi er godt i gang med planlegginga – sjølv om sjølve arrangementet ikkje skal vere før i februar. Grunnen til at vi ønsker å fortelje om dette no er at vi vil oppmode alle til å samle opp pent brukt tøy frå no av og fram mot februar – og ikkje kaste det, seier dei to

Inne i tida

Dei ønskjer seg kjolar, skjørt, toppar, selskapstøy og ytterplagg. Pene sko og smykke kan også vere aktuelt.

– Det er inne i tida, og godt for miljøet med gjenbruk og re-design. Mange har etter kvart fått auga opp for slike bytedagar. Her kan ein få nye plagg til ein veldig billig penge. Vi vil alle helst sleppe å kaste fullt brukbart tøy – berre for å rydde plass i skåpet til noko nytt. Det gir ein betre kjensle når det eg ikkje lenger treng, kan få eit nytt liv hos nokon andre, seier dei to damene.

Symbolsk betaling

Konseptet for klebyte-dagar fungerer slik at du leverer inn dei plagga du vil gje, et par dagar før salsdagane. Du får ein symbolsk sum for kleda i form av bonger som du kan bruke til å handle nye plagg for på salsdagane.

– Dersom du ikkje har noko å levere inn, er du likevel hjarteleg velkomen til å kome og kjøpe, seier Hjertenæs og Steinnes.

Dei to føregåande gongene har klebytedagen vore ein suksess.

– Butikken vår bogna av flotte kle, og mange kundar har gått nøgde heim med nye plagg til garderoben. Plagga er billege, men likevel har vi kvart år stått igjen med et godt overskot, seier dei to.

Dei har ei eiga Facebook-side til arrangementet som heiter «Klebytedagar i Ørsta 2018»

– Her vil du få konkret informasjon om dagar og tider, nyheiter og bilete, seier Bente Hjertenæs og Marit Steinnes.

Overskotet går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med spesielt fokus på «Grøne skular på Haiti» og anna klimaarbeid organisasjonen driv.

– Under salsdagane i februar vil det også bli ein liten kafekrok i butikken med fairtrade produkt, og vi vil prøve å få til eit «Redesign-hjørne» der du kan få tips og idear til korleis bruke gamle ting på ein ny og spennande måte, seier dei ti kvinnene som står i bresjen for tiltaket, seier ei to.

Dei etterlyser også frivillige som kan tenkje seg å vere med på å arrangere klebytedagen.