Det skriv Roger Bjørdal og Ragnhild Bjørdal i eit brev til Ørsta kommune. Saka gjeld Osgeila og samfunnsutvalet sitt framlegg om å stenge geila med bom. Dei gjekk vekk frå Ulstein kommune, som er settekommune i saka, sitt framlegg om å gjere geila einvegskøyrd.

Kommunen sitt ansvar

– Å stenge Osgeila med bom blir aldri akseptert av oss som bur på øvre Ose, då dette er tilkomsten til eigedomane våre i påvente av at samlevegane vert bygde. At kommunen ikkje har prioritert samlevegane sidan byggefeltet vart påbyrja i 1970, er kommunen sitt ansvar, og vi har venta på ny tilkomstveg sidan då, skriv Bjørdal.

Dei meiner at særinteresse frå eit fåtal frå Osgeila, med rett bekjentskap i samfunnsutvalet, legg føringar for heile øvre Ose.

– Vi har ikkje tillit til at samfunnsutvalet tek omsyn til bebuarane i byggefeltet, og krev at saka vert handsama i kommunestyret.

Dei rosar settekommunen Ulstein for si handsaming av saka. Bjørdal viser også til at ei stenging av geila vil føre til meir trafikk i Hansholen og til Osborg, og at der er fleire mjuke trafikantar enn i Osgeila.

Feil grunnlag

Også Janne Gårdsvoll Vatne og Atle Vatne uttrykker mistillit til samfunnsutvalet i eit brev til kommunen.

– Dersom samfunnsutvalet framleis ikkje evnar å foreta ei handsaming basert på saksframlegg og fakta, må saka handsamast vidare i kommunestyret, skriv dei.

Vatne held fram at dei føler det er krevjande å nok ein gong bruke tid på å få fram viktige fakta «i ei sak som mest av alt er prega av både sakshandsaming og vedtak på feil grunnlag».

Dei viser til ei møtebok frå 1996 om frådeling av tomt til bustaden deira i Eliholen, der det er skildra at tomta har vegtilkomst til Eliholen og Osgeila, sjølv om denne er regulert til gangveg, inntil nye vegar er bygde.

– Eit knapt år etter vart det laga ein skiltplan for området på bakgrunn av innspel frå enkeltpersonar. Prosessen her var i beste fall uheldig, sannsynlegvis ulovleg. I moderne tid kom handsaminga av saka skeivt ut både administrativt og politisk.

Dei viser mellom anna til at kommunen, etter innspel frå grendelaget, foreslo å stenge geila med bom, men at dei i ei liknande sak no nyleg, i Skogvegen, ikkje vil tilrå bom, fordi det vil føre trafikken over til vegar som ikkje er dimensjonert for det

Ulykker

– Det er akkurat same problema vi har prøvd å belyse her på Ose også, skriv Vatne, og viser til at auka trafikk på øvre Ose, ved Hansholen og Osborg, vil vere uheldig.

– Krysset Osborgvegen/E39 har allereie i dag registrert 10 trafikkulykker med personskade, mot Melsvegen/E39 si eine. Krysset er allereie overbelasta, og har vanskeleg trafikkavvikling. Med planar om over 60 nye bueiningar i Rystene, som også vil få dette som tilkomst til E39, vil dette verte dramatisk.

Vatne avsluttar med å seie at dei ikkje vil akseptere å misse sin tilkomst til eigedomen via fri tilgang til Osgeila.

Høyringsfristen for Osgeil-saka gjekk ut 11. november. Innspela vert sende til Ulstein kommune for handsaming, før dei vil kome med ei ny tilråding som samfunnsutvalet i Ørsta skal vurdere.