– Vi støttar dette forslaget fordi dette er det einaste mellombelse tiltaket som vil ha effekt, då køyremønsteret i Osgeila er sterkt innarbeidd og vanskeleg å snu. Det er ikkje eit drastisk tiltak, då den brattaste delen av Osgeila har vore stengt for gjennomkøyring i 20 år. Hadde trafikantane respektert skilta og køyrt lovleg frå starten av, hadde vi ikkje hatt behov for fysisk stenging, skriv dei.

Dei viser også til fleire tilfelle der fagpersonar også har gått ut og sagt at geila burde vere fysisk stengt med bom.

– I 2016 uttalte lensmann Guttorm Hagen at det snarast råd bør monterast funksjonell bom ved Osgeila 17, og at bommen kan vere vendbar og kan opnast elektronisk av dei som har behov.

– Meiningane til oss som bur langs Osgeila bør vere tungtvegande i denne saka. Vi er fleire her som fleire ganger har opplevd skade på privat eigedom, og opplever at bilar sklir baklengs og sidelengs ned bakken i Osgeila vinterstid. Saksframlegget til Ulstein kommune om einvegskøyring i geila, tar ingen omsyn til oss som bur langs geila, heller ikkje dei mjuke trafikantane. Omsynet er utelukkande til bebuarane i Eliholen, som hevdar dei er avhengig av Osgeila eit par dagar i året grunna stort snøfall. Men skiltinga blir ikkje respektert alle andre dagar i året, og bytte av skilttype vil ikkje ha effekt. Lat det ikkje vere eit signal frå Ørsta kommune om at bryt du lova lenge nok, vil det til slutt bli lovleg.